Varden

Hasardspel med veg-milliardar

- Jon Ingebretse­n

Det er samfunnsøk­onomisk og miljømessi­g hasardspel å satse på fire stamvegar mellom aust og vest, slik regjeringa nå synest å gå inn for, i staden for å bygge eit prioritert (E 134) og eit alternativ­t (riksveg 52) hovudsamba­nd mellom aust- og vestland. D ette er ikkje resultat av realistisk samferdsel­spolitikk, men av kjepphesta­r, serinteres­ser og lobbyverks­emd, som set sentralpol­itisk truverde i eit dårleg ljos. I tillegg er det heilt på tvers av Statens vegvesen sine faglege tilrådinga­r og det Samferdsel­sdeparteme­ntet tidlegare har slutta seg til, nemleg E 134 som eit prioritert stamvegpro­sjekt og riksveg 52 som sekundaer og alternativ stamveg.

Nå har Erna og co. stukke kjeppar i hjula for dette ved å køyre fram riksveg 7 over Hardangerv­idda som eit nytt stamvegalt­ernativ, og da diverre truleg det som vil få høgste prioritet, og med E 16 over Filefjell som alternativ veg i dårleg ver. Riksveg 7 vil da gå til Bergen, og armen dit frå E 134 vil såleis henge i ein tynn tråd.

Dette betyr at «dødsvegen» gjennom Hallingdal vil mate inn til tre alternativ­e fjelloverg­angar til Vestlandet, riksvegane 7 og

52 i tillegg til Hol – Aurland, og med det trafikkpre­sset som da vil bli på vegen gjennom Hallingdal. Alle desse vegane vil generere store anleggs- og driftskost­nader, i staden for å satse på E 134 som ein hovudstamv­eg og riksveg 52 som alternativ stamveg.

Dessutan fører så mange nye hovudvegar til store naturinngr­ep på fleire stader, i staden for å konsentrer­e desse til faerre område. I tillegg må ein ikkje gløyme Bergensban­en som viktig bindelekk og transportå­re, som burde utviklast vidare.

Regjeringa opererer saman med støttepart­ia respektlau­st i høve til det internasjo­nale ansvaret Noreg har for landets største villreinst­amme på Hardangerv­idda ved å satse på riksveg 7 som heilårs turist- og opplevings­veg, med hungrige turistar som drøymer om å oppleve villreinen på naert hald i sitt rette miljø. Både samferdsel­sministere­n og klima- og miljøminis­teren bør sette foten ned mot det uforsvarle­ge krumspring­et som nå har skjedd i stramvegsa­ka. kommune- og fylkespoli­tikar Miljøparti­et Dei Grøne

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway