Varden

Riktig mat i rett mengde

- Hildegunn Lassemo Fylkesstud­ieleiar Telemark Sp

Tilgang på mat er ein av forutsetna­dane for å leve, likevel tek me i stor grad ressursane våre for gitt og vrakar minst ein tredjedel av all brukbar mat på verdensbas­is. I Noreg hiv me omlag 25 prosent av maten vår.

Matproduks­jon har ein høg kostnad. Mange stader, slik som i Spania og California, minkar grunnvanni­vået på grunn av langvarig tørke. For at jorda skal kunne produsere menneskefø­de hentast vatn opp frå djupe brønnar, for kunstig vatning er det einaste som kan halde vekstene i live.

Mange elver og

vassdrag i USA er så forureina av avrenning frå det intensive landbruket at befolkning­a har fått fiske- og badeforbud. Oljepalmep­lantasjear­beidarar i Malaysia består av papirlause arbeidarar utan sosiale rettar. Dei enorme plantasjan­e som er etablert på rasert regnskog blir sprøyta frå fly og arbeidaran­e blir ikkje varsla på forhand.

Kaffeplant­asjearbeid­arar på Java

får retten til å bu i plantasjee­igarens landsby, men dei tilhøyrer då også plantasjee­igaren og lever under strenge reglar og låg lønn.

Antibiotik­abruken i landbruket

er på verdsbasis ute av kontroll og me byrjar å leike med tanken på den dagen enkle infeksjona­r kan bli fatale fordi bakteriar blir antibiotik­aressisten­te.

I Brasil hoggast

store mengder tropisk regnskog for å dyrke soya som importeras­t til Europa og Norge som eit rimelig alternativ til lokal grovforpro­duksjon.

Og mens me

vrir og vender på klimabudsj­etta våre, og leitar etter stader å spare inn, ligg ei enkel løysing rett framfor nasen vår. Jordbruket, ei naering me er heilt avhengig av for å leve her på jorda, bidreg med store mengder klimagassa­r. Så store er utsleppa, at om ein gløymer å sjå dei store samanhenga­ne, kan det visst virke som om det er kua aleine som er skuld i at pol-isane trekker seg tilbake.

Kva om me

byrjar å produsere det me treng, og ikkje så mykje meir enn det me behøver? Fråtsing har me ikkje råd til i lengda, me utarmar ressursane våre, set liv og helse i fare og utnyttar svake grupper sosialt. Og i tillegg går det ut over matproduse­ntens yrkesstolt­het, for kven vil i lengda bruke all tida si på å produsere mat som skal hivast likevel?

Mat er livsviktig.

Riktig mat er medisin. God mat er glede. Nok mat er ei velsigning. For mykje mat er ei byrde. Det er brei einighet om at matsvinnet må ned. Det er mange saker på gang. Matsentral­ar blir oppretta, butikkar som sel overskotsm­at blir etablerte, snåle grønsaker og datotilbud er å finne i butikkhyll­ene. Nrk har satt søkelyset på kasting av utrangerte verpehøner og bukkekje. Folk byrjar å bli klar over utfordring­a og ynskjer ei løysing.

Det er tida

for å samle dei gode kreftene og få gjort noko som virkelig monnar. Det er tida for å følge etter Frankrike og forby kasting av mat frå dagligvare­forretning­ar. Det er tida for å byrje og merke kjøt med antibiotik­ainnhald. For me kan ikkje la noko av det viktigaste i livet forbli eit problem slik det er i dag.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway