Varden

Det spesielle livet

Han voks opp på ein veglaus gard utan straum og måtte vinterstid gå åtte kilometer for å kome til og frå skulen.

- Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no

Slik var barndommen i 1950-åra for kulturpers­onlegdomen Arne T. Aabø frå Lårdal.

Han starta for få år sidan med å skrive ei minnebok for familien, men viste manuskript­et til forleggar Svein Stensrud og Aud Hyllseth i Telemark Trykk på Notodden.

Dei blei så fascinerte av stoffet hans at dei har valt å gje det ut som bok, med lansering på samfunnshu­set i Høydalsmo sundag mars.

Går unna

Stensrud har røynsle med at lokalhisto­riske bøker går unna som varmt kveitebrød. Biografien til Aabø er prenta i eit opplag på naermare 1.000 eksemplar.

–Me føler oss sikre på at den blir rive fort vekk. Boka gjev eit tidsbilete av samfunnet i åra etter krigen og lesarane får ny forståing av korleis tidlegare generasjon­ar levde i Vest-Telemark, seier Stensrud og Hyllseth.

Dei har tidlegare gjeve ut ei minnebok for ein kar på Kongsberg.

Det starta med eit opplag på 25 eksemplar tiltenkt familien, men mannen måtte trykke opp stadig nye bøker.

Denne forfattare­n sa sjølv stopp da opplaget hadde passert 500.

Flytta på heia

Arne T. Aabø vart fødd på Askje i Lårdal i 1944, men seks år seinare kjøpte foreldra garden Midtveit langt inne på heia – eit bruk utan veg, straum og innlagt vatn. Bruket var eit av dei siste i regionen som fekk straum.

Aabø synest han hadde ein god oppvekst, med lesing ved parafinlam­pa og gardsarbei­d frå tidlege barneår. Han jobba til dømes i tømmerskog­en frå 10-årsalderen og bar smør i kilometerv­is til mottaket i Lårdal.

Allsidig kar

Soga inneheld vidare solid informasjo­n om oppbygging­a av ein ny gard og det rike vaksenlive­t til Aabø. Han har vore laerar i 28 år, skule- og kultursjef og bonde på fritida. Naer 40 dekar på garden er dyrka opp, og forfattare­n var den som fekk skikkeleg veg til Midttveit da han overtok i 1978.

I biografien får ein elles artig minne frå livet hans som skihoppar, langrennsl­øpar, felespelar og skribent.

Aabø skildrar ei rad andre menneske, så han skriv om langt fleire enn hans sjølv.

– Eg vel å skrive positivt om folk. Viss det ikkje er grunnlag for det, let eg vere, seier Aabø.

 ?? FOTO: HALVOR ULVENES ?? UTGJEVAR: Svein Stensrud i Telemark Trykk (t.v.) og Aud Hyllseth gjev ut «Mitt liv – ei open bok» av Arne T. Aabø i Lårdal.
FOTO: HALVOR ULVENES UTGJEVAR: Svein Stensrud i Telemark Trykk (t.v.) og Aud Hyllseth gjev ut «Mitt liv – ei open bok» av Arne T. Aabø i Lårdal.
 ??  ?? NYE HUS: Det blei raskt bygd opp nye hus, her eit glimt frå slåtten i 1963.
NYE HUS: Det blei raskt bygd opp nye hus, her eit glimt frå slåtten i 1963.
 ??  ?? VED FLYTTINGA: Slik såg det ut på Midtveit i 1950 da Arne T. Aabø flytta dit saman med familien. Straumen hit kom fyrst i 1959.
VED FLYTTINGA: Slik såg det ut på Midtveit i 1950 da Arne T. Aabø flytta dit saman med familien. Straumen hit kom fyrst i 1959.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway