Varden

5.000 tonn skal vekk

Nesten 5.000 tonn med grus og sand blir no feia vekk frå gang- og sykkelvega­r i Skien og Porsgrunn.

- SKIEN Halvor Ulvenes

– Totalt skal 56 mil med vegar, gangvegar og fortau sopast. I Skien har det gått med om lag 3.000 tonn med grus på islagte vegar i vinter. For Porsgrunn er talet i underkant av 2.000 tonn, opplyser kommunikas­jonsansvar­leg Birgitte Finne Høifødt i Bypakke Grenland.

Hindrar ulykker

I god tid før påske skal hovudruten­e vere klare. Etterpå blir det feia område for område. Finne Høifødt oppmodar derfor folk om å ta fram sykkelen og opplyser at fjerning av grus og sand er viktig for å redusere talet på sykkelulyk­ker.

– Mykje grus på sykkelvega­ne er ei årsak til at folk kviar seg for å ta fram sykkelen, seier Finne Høifødt.

Med høgare driftsstan­dard på kommunale og fylkeskomm­unale sykkel- og gangvegar er det blitt lettare å utvide sykkelseso­ngen.

Nesten dobling

– Eit resultat av dette er at fleire nyttar sykkelen. På landsbasis har ein i løpet av dei siste åra dobla talet på vintersykl­istar, seier Birgitte Finne Høifødt.

Samarbeid med vegvesenet

Feiing av vegane er ein del av prosjektet forsterka vintervedl­ikehald. Dette er eit bypakkesam­arbeid mellom kommunane Skien, Porsgrunn og Statens vegvesen. Tiltaket er delfinansi­ert med statlege midlar.

– Kva skjer med grusen som blir sopa opp?

– Dette er forureinsa materiale som skal leverast til godkjend deponi. I Porsgrunn blir grusen frakta til deponiet i Pasadalen.

– I Skien er det mellombels lagring på Geiterygge­n. Dette er godkjend som ei mellombels løysing, men kommunen jaktar på ei permanent ordning for lagring av sand og grus som er strøydd på vegane i vintermåna­dene. Lagringa på Geiterygge­n skjer derfor i påvente av ei permanent ordning, sier kommunikas­jonsansvar­leg Birgitte Finne Høifødt. halvor.ulvenes@varden.no

 ?? FOTO: BYPAKKE GRENLAND ?? I GANG: Vårfeiinga er i full gang på sykkel- og gangvegar.
FOTO: BYPAKKE GRENLAND I GANG: Vårfeiinga er i full gang på sykkel- og gangvegar.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway