Varden

Tenestegut­en blei «kakse» og drapsmann

Tenestegut­en Håvard O. Undeberg gifta seg med den rike enka Kari Jørgensen Sinnes. Ekteskapet enda med drap.

- KVITESEID Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no

Dramaet fann stad på garden øvre Sinnes i Vrådal i 1825. Ole Blom skriv om ugjerninga i dagbøkene sine, og opplysning­ane hans er hovudkjeld­a i denne artikkelen. Andre kjelder er gardssoga for Kviteseid og ein artikkel av Tor O. Sanden.

Bakteppet her er at Kari Jørgensen Sinnes blei enke i 1810 - etter det som skal ha vore eit lukkeleg ekteskap med Halvor Jørundsson, fødd i 1763. Han blei såleis berre 47 år gamal.

Enka arva alt etter mannen på det som vart karakteris­ert som ein velhalden gard. Den vart truleg skilt ut frå nedre Sinnes i 1640, ifølgje nemnde soge. Gardsbruke­t er på 23 dekar dyrka jord og om lag 10.000 dekar med skog og anna utmark.

Lang fartstid Trekte kniven Mislukka sjølvmord Betre enn ingen

Det er blitt spekulert på kvifor Kari gifta seg med Håvard. I nemnde kjeldemate­riale vert det peika på at øvre Sinnes var ein tungdriven gard med stort behov for arbeidskra­ft. I kjeldemate­rialet heiter det at for Kari var nok Håvard tenestegut­en også etter giftarmåle­t. Det blir vist til det gamle ordtaket om at «ein krokut stav er betre enn ingen».

For Håvard skal det berre vere rikdommen som lokka. Han skal ikkje ha tolt å gå frå rolla som tenestegut til storkar. Han vert skildra som ein tyrann og ei plage for menneska rundt seg. Da han byrja å stele sølvsaker frå si eiga kone, vart begeret fullt og ho kasta han på dør.

Vitna etter drapet kom med følgjande karakteris­tikk: «hans moralske vandel mådelig og han var en skraek for enhver som nødters til at omgåes han.» Vanlegvis blir det positive trekt fram når eit menneske går bort og det negative blir halde tilbake. Slik var det ikkje her. «Et lykkeligt Dødsfald for Comunen!», skriv Ole Blom i dagboka på dødsdagen til Håvard Undeberg. På dette bruket var Håvard O. Undeberg tenestegut frå han var 17 år - med andre ord frå 1803. 6. juli 1820 gifta 34-åringen seg med enka på garden som da var 56 år gamal, altså 22 år eldre. «De levede derefter i et misligt og skrøbeligt Egteskab indtil den 2den April sidstleden, da de bleve enige om at leve adskildte indtil Videre», skriv Ole Blom i dagboka frå 1825.

Håvard prøva da å reise heim til farsslekta, men isen på Vråvatnet var så dårleg at han måtte snu. Han reiste tilbake til Kari, men der vart han nekta overnattin­g. Håvard fekk husly ein annan stad, på Holte, og låg over til 3. april, som var påskedagen dette året. Han reiste deretter heim og blei der til 2. påskedag. Håvard tok deretter turen tilbake til kona si Kari, men fekk ei heller kjølig mottaking den 5. april. Han overnatta, men delte ikkje seng med kona.

Om morgonen 6. april 1825 gjekk han inn til henne, etter at ei jente hadde gått ut. Dei var åleine på soverommet da han trekte kniven. Ole Blom skildrar dette slik: «... greb han til den djaevelske Beslutning at draebe hende, hvilket han i et Øieblik udførte ved at skjaere Struben over paa hende med en Tellekniv. Derefter vilde han draebe sig selv paa samme Maade, og skar sig i Struben, men ikke saa dybt at han døde, men slaebede sig halvdød, først omkring Huset udenfor, og derefter op paa et Loft over Stuen hvori Mordet var begaaet, og der fandt man ham, uden Maele men med temmelige Kraefter...» Kari døydde etter knivbruken, men sjølvmords­forsøket til Håvard var mislukka. Lensmann Ole Bjørnsen kom med 12-16 mann til gards. Dei kom frå eit bryllaup på Kråkenes, der Aslak Knutson gifta seg med Maren Zetlitz.

Etter ugjerninga hadde ikkje Håvard stemme, men den kom tilbake. Han blei fyrst ført til fengselet på Spjotsodd og deretter Haukom. 27. april var det fullt avhøyr av mordaren og han tilstod drapet på kona.

Drapsmotiv­et at han hadde fått for lite av buet ved kontrakten om skilsmisse. Sidan Kari ikkje lenger ville leve saman med han, bestemte han seg for å drepe den 61 år gamle kona. Håvard døydde av sjølvskade­ne ein dryg månad seinare, 16. mai 1825, 39 år gamal.

 ??  ?? KNIVEN: Åse Marit Kleiv Dale ved Vest-Telemark Museum med drapsknive­n frå øvre Sinnes.
KNIVEN: Åse Marit Kleiv Dale ved Vest-Telemark Museum med drapsknive­n frå øvre Sinnes.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway