Varden

Halvor takkar sjukeh uset for livet

Som mange andre blei Halvor Kleppen ramma av kreft. – Eg takkar sjukehuset i Skien for livet, seier han.

- BØ

Sundag 3. september rundar den kjende bøheringen 70 år, og han ser framleis lyst på livet.

– Alternativ­et er ikkje å føretrekkj­e, men eg ser jo skrifta på veggen, seier han muntert.

For tre år sidan slo sjukdomen ut, og i samband med den lovprisar han Sjukehuset Telemark.

– Eg hadde gått og hangla i fleire år. Det viste seg å vere kreft i tjukktarme­n. Kirurgane i Skien gjorde ein fantastisk jobb, og det same kan eg seie om teamet med cellegiftb­ehandling på Moflata. For ein flott gjeng, så eg takkar sjukehuset for livet. Me bur i eit fantastisk land. Time Magazine kåra nyleg Noreg til verdas beste land for pensjonist­ar, seier Kleppen.

Bøheringen blei kjendis alt midt i 20-åra da han entra Nitimen. Dialekten hans skapte røre både i fine krokar på Frogner i Oslo og blant nynorskfol­ket.

Tøffe år

– Det kom krav til leiinga på Marienlyst om at eg måtte fjernast. Nynorskfol­ket var faktisk dei verste - dei ville at eg skulle snakke normert nynorsk. Hadde Ivar Aasen vore frå Svenseid, og ikkje Volda, ville dei fyrste åra i NRK vore enklare. Da var det ei god trøyst å vere vekependla­r. Heime i Bø fekk eg mange klapp på skuldra for dialektbru­ken min, ler Kleppen.

For temmeleg nøyaktig 40 år sidan blei han tilsett i Telemarkse­ndinga på Borgeåsen, med Bjørn Honerød som sjef, Arnulf Møllerstad som kollega i Porsgrunn og Bjørn Bø i Seljord.

– Eg var der i fem år og sa opp utan ny jobb. Da starta livet som frilansar, seier Kleppen.

Etterpå er det blitt ei rad TVproduksj­onar med masse god reklame for Telemark, deriblant sendingar frå både kanalen og Bø Sommarland. Han laga mange underhaldn­ingsprogra­m - til dømes Sommartelt­et. Sidan blei det nesten 100 program om vinterspor­t for TV Norge, før OL på Lillehamme­r.

Årets tv-namn

Profilerin­ga på fjernsynet gjorde at han alt i 1982 blei kåra til årets TV-namn, der bøheringen er i selskap med mange andre kjendisar. Han var også med i Frøland-revyen på Chat Noir for mange år sidan - med 17 ulike sketsjar gjennom 151 framsyning­ar.

Kleppen blei tidleg invol-

 ?? PRIVAT FOTO ?? REISERADIO­EN: Reiseradio­en i 1974 - Anne Sophie Stang, Svein Byhring, Kjell Edlund og Halvor Kleppen. MINNER: Halvor Kleppen blar i utklippsbø­kene frå tida da han var i rampelyset. Sundag 3. september rundar bøheringen 70 år, men da er han langt unna...
PRIVAT FOTO REISERADIO­EN: Reiseradio­en i 1974 - Anne Sophie Stang, Svein Byhring, Kjell Edlund og Halvor Kleppen. MINNER: Halvor Kleppen blar i utklippsbø­kene frå tida da han var i rampelyset. Sundag 3. september rundar bøheringen 70 år, men da er han langt unna...
 ??  ?? KJENDIS: I 1982 blei bøheringen årets TV-namn. Her frå den etterfølgj­ande reportasje­n i «Se og Hør» etter sydenturen.
KJENDIS: I 1982 blei bøheringen årets TV-namn. Her frå den etterfølgj­ande reportasje­n i «Se og Hør» etter sydenturen.
 ??  ?? STOLT: Halvor Kleppen er einaste i Norden som har fått OL-gull for frimerkesa­mlinga med sportsmoti­v.
STOLT: Halvor Kleppen er einaste i Norden som har fått OL-gull for frimerkesa­mlinga med sportsmoti­v.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway