Får vatn fra Sjåvatn
Rådmannen i Hjartdal vil totalt satse 344 millionar kroner på vatn og kloakk i hyttefelta Kovstulheia og Russmarken i Tuddal.
Tilkoplingsavgiftene for vatn og kloakk blir 260.000 kroner. Beløpet skal ikkje indeksregulerast før om fem år, går det fram av innstillinga til rådmann Rune Enghult.
Han satsar på Sjåvatn som drikkevasskjelde. Rådmannen viser til formuleringa i rapporten om at Sjåvatn utan tvil er den beste løysinga.
Mest lønsamt
– Sluttrapporten viser at Sjåvatn har den høgaste investeringskostnaden og den lågaste driftskostnaden. Den desentraliserte løysinga, med mange brønnar, har den lågaste investeringskostnaden og den høgaste driftskostnaden. Meirkostnaden ved å investere i Sjåvatn vil vere tent inn i løpet av 40 år. Kostnadene for kommunen med dei to alternativa er omtrent like over 40 år, men levetida vil vere vesentleg lengre. Derfor er dei årlege driftskostnadene viktige, skriv rådmannen. Han meiner at utbygging og drift bør skje i kommunal regi.
Ingen tvil
Enghult viser til at både hytteeigarar og grunneigarar har uttrykt uro for at utgiftene blir for store.
– Det er liten tvil om at den økonomiske risikoen i prosjektet ligg på kommunen – ikkje på hytteeigarar og grunneigarar. Dersom talet på abonnentar blir lågare enn forventa, kan ikkje kommunen skru opp årsavgiftene, heiter det i innstillinga til Hjartdal-rådmannen.
Slik blir avgiftene
Rådmannen foreslår samla årsavgift for vatn og avløp på 12.000 kroner per år, inkludert meirverdiavgift. Den skal indeksregulerast årleg. Det vil bli gjeve fritak for årsavgift for vatn dei tre fyrste åra for blant anna eigedommar som i dag har låg standard. Rådmann Rune Enghult opplyser til Varden ønskjer ikkje å kommentere saka ut over innstillinga.
Grunneigarrepresentant Håkon Bøen seier til Varden at han synest det er rart at rådmannen tør å ta ein så stor økonomisk risiko.
– Både grunneigarar og hyttefolk er imot dette. Budsjettet med 1.000 abonnentar er for høgt, 500 er meir realistisk. Det interessante er økonomien til kommunen om 5–10 år, seierHåkon Bøen.
Hjartdal kommunestyre skal handsame saka 25. oktober.