Tok farvel med bygdas solstråle
«Heile bygda» tok farvel med Gunhild Egenaes, som omkom i tragedien på Seljordsvatnet.
Det blei ei gripande og uvanleg stor gravferd da Gunhild Egenaes blei ført til siste kvilestaden på Bø kyrkjegard i går. Laeraren som omkom i drukningstragedien på Seljordsvatnet vart skildra som solstrålen som såg alle. – Ho hadde evna til å begeistre og la seg begeistre, sa forrettande sokneprest Axel Bugge under den verdige og flotte seremonien på Bøhaugen.
Rundt 470 menneske følgde tysdag den populaere laeraren til siste kvilestaden på Bø kyrkjegard.
Elska menneske
– Gunhild elska livet og var ekstra glad i menneske. Ho kjempa for å redde dei to andre, sa sokneprest Axel Bugge da han forretta ved kista.
Presten teikna eit bilete av ei sporty jente som hadde delteke både i fotball, handball og som jentunge likte å boltre seg i vatnet i tigerbadebuksa si. Seinare i ungdommen var det slalåm og ski som appellerte. Familien minnest henne som ein solstråle med sterk vilje og som visste kva ho ville. Gunhild hadde ei sterk evne til å begeistre og la seg begeistre. Bugge fortalde at etter at mora døydde i 2014, viste ho ekstra stor omsorg og kjaerleik for pappa Arve. Presten sa vidare at Gunhild var svaert glad i ektemannen Mohammed og at han betydde mykje for henne.
Presten teikna elles eit bilete av ei kvinne som òg kunne vere sårbar og hadde hatt sine sorger, men som ikkje var redd for å vise sine kjensler.
Mangeårig laerar
Etter laerarskulen på Notodden byrja ho på Bø barneskule. Sidan var Gunhild Egenaes laerar på ungdomsskulen i bygda og no sist ved vaksenopplaeringa i Bø og Nome.
Ein rørt rektor ved vaksenopplaeringa, Marianne Dahlseng, fortalde om ein laerar som var glødane engasjert i elevane sine.
– Ho gjekk med bøkene under armen for å finne nokon å hjelpe. Ho såg alle og ville bli kjend med nye menneske. Hytteturen, som skulle vere ei fin oppleving, enda i ein forferdeleg tragedie, sa rektor Marianne Dahlseng.
Sjokket
Systera Inger Marit Egenaes fortalde kyrkjelyden om sjokkmeldinga ho fekk heime i Tyskland.
– Ein ser mykje trist i media, men trur ikkje det skal ramme ein sjølv. Så ta vare på kvarandre, var oppmodinga hennar. Inger Marit Egenaes retta ein varm takk til alle som hadde delteke i redningsaksjonen og støtteapparatet elles for fantastisk innsats.
Under seremonien var det blant anna solosong av Hans Martin Eriksen, assistert av organist Henrik Ødegaard. «Liten fuggel» og «Just a closer walk with Thee» blei ei trøyst på den regntunge gravferdsdagen.