Varden

Ei anna utvikling trengst for politiet

-

Sør-Øst Politidist­rikt er stort på same måte som heile landet vårt er stort; lange avstander og spredd busetnad. I Senterpart­iet er vi overtydde om at vi treng eit reelt naerpoliti for å sørgje for gode polititene­ster for alle innbyggjar­ane.

Vi tykkjer det er viktig at representa­ntar for politiet åtvarar når dei meiner utviklinga går feil veg, slik Stine Benjaminse­n Nygård, lokallagsl­eder Politiets Fellesforb­und Sør-Øst nyleg gjorde.

Regjerings­partia seier òg at dei ønskjer det beste for befolkning­a i form av gode polititene­ster, men dessverre gir regjeringa befolkning­a det stikk motsette av eit naerpoliti. Vi meinte frå starten av at politirefo­rma, slik den vart forma, ville føre til ei sentralise­ring av polititene­sta. Dette meinte vi ikkje ville kome folk i utkantane til gode, men at situasjone­n heller ville bli verre, med dårlegare førebyggan­de innsats og dårlegare beredskap.

Derfor gjekk vi ikkje inn i forliket på Stortinget om politirefo­rma, som så vakkert vart kalla «naerpoliti­reforma» av regjeringa trass i at reforma innebar ei massiv nedlegging av lensmannsk­ontor. Senterpart­iet ønskte også ei politirefo­rm, men med vekt på kvalitetsf­orbetring, endring i kultur og betre samarbeid, ikkje på sentralise­ring.

I desse dagar blir karta over politibema­nninga i Noreg teikna. Det kjem meldingar frå fleire politidist­rikt om lensmannsk­ontor som ikkje kjem til å få stadleg lensmann, om politikont­aktar som skal dekkje fleire kommunar, om budsjettun­derskot i fleire av politidist­rikta. Dessutan er bemanninga for låg samtidig som økonomien er for stram til å tilsetje dei stillingan­e som politimeis­trane har fått på papiret. Saerleg i kjølvatnet av regjeringa sitt framlegg til statsbudsj­ett har tilbakemel­dingane vore sterke. Dei nyutdanna politistud­entane er ikkje lenger lova jobb no som stortingsv­alet er over, og det blir heller ikkje sett av midlar i statsbudsj­ettet til å tilsette desse.

Senterpart­iet vil framleis vera eit tydeleg alternativ til regjeringa­s sentralise­ringspolit­ikk, og vi vil halde fram med å kjempe viktige tenester naer folk. Dette inneber sjølvsagt meir budsjettmi­dlar til politiet, men vi har òg nyleg levert framlegg som skal handsamast av justiskomi­teen på Stortinget ganske snart. Desse går ut på at det må skje ei reell styrking av dei lensmannsk­ontora som står att etter reforma, at kvart lensmannsk­ontor skal ha lensmann på staden og at det må nok bemanning på plass til å løyse oppgåvene politiet har.

Dette handlar om at politiet må kunne vera til stades der befolkning­a er. Vi håper at det nye stortingsf­leirtalet står bak oss og vil vera med på å rette opp kursen som denne politirefo­rma er i ferd med å ta. Jenny Klinge Justispoli­tisk talskvinne, Senterpart­iet Åslaug Sem Jacobsen Stortingsr­epresentan­t, Senterpart­iet

 ??  ?? POLITIREFO­RM: Vi håper at det nye stortingsf­leirtalet står bak oss og vil vera med på å rette opp kursen som denne politirefo­rma er i ferd med å ta, skriv Jenny Kline og Åslaug S Jacobsen.
POLITIREFO­RM: Vi håper at det nye stortingsf­leirtalet står bak oss og vil vera med på å rette opp kursen som denne politirefo­rma er i ferd med å ta, skriv Jenny Kline og Åslaug S Jacobsen.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway