Varden

Kommunalsj­efen måtte forklare seg om truslar

– Bruk for all del ikkje truslar om politimote i n sju k e hei ms pasient.

- ▶ Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no

Dette var bodskapen frå leiar Arne Storhaug da kontrollut­valet tysdag handsama saka med truslar mote i n sju k e hei ms pasient .90 år gamle Sverre Fiskaaen blei nem le gi sommar truga med politiet viss han ikkje flytta ut av ein korttidspl­ass som Bø kommune leigde i Sauherad.

Stadfesta truslar

Varden fortalde om saka i eit stort oppslag 13. august. Artikkelen førte til at kontrollut­valet tok tak i saka. Kommunalsj­ef Terje Kili måtte derfor forklare seg for utvalet tysdag om kva som hadde skjedd. Rådmann Åse Egeland var også til stades i møtet. Kili sa at dei hadde prøva å finne ei løysing.

– Slike situasjona­r er ikkje bra i heile teke, sa kommunalsj­efen. Han stadfesta nok ein gong at truslar om politi hadde blitt nytta som siste utveg for å få pasienten ut av heimen. Kili opplyste vidare at kommunen etterpå hadde tilbydd pasienten ein ny plass nokre dagar, og at saka løyste seg. Derfor blei politiet aldri tilkalla.

Utvalsmedl­emmene meinte at Kili gav ei grei orienterin­g om det som skjedde. Dei var glade for at både fylkesmann og fastlege blei kontakta på førehand.

Psykologis­k side

– Det har vore uvanleg mange reaksjonar frå folk flest på bruken av truslar. Orienterin­ga frå kommunalsj­efen er grei, men saka har ei psykologis­k side. Er den lagt godt vekt på? spurde utvalsleia­r Storhaug, som òg var ordførar i Bø gjennom 16 år.

– Bruk for all del ikkje truslar om politi. Det er kanskje ikkje heilt klokt å dra opp den konsekvens­en og bruke slike formulerin­gar. Tidlegare er det blitt uttalt at folk på sjukeheime­n lever for lenge. Dette skapte òg kraftige reaksjonar, sa Arne Storhaug.

– Slike saker er godt pressestof­f, men eg er roa etter utgreiinga til Terje Kili, sa Ole Morten Aasgrav (Frp) som og meiner at ein må vere varsam med ordbruken.

Sekretaer i utvalet, Alexander Etsy Jensen, understrek­a at dette er ei utfordrand­e sak.

Ikkje avdekka feil

– Det er ikkje avdekka nokon feil, men eg håpar at administra­sjonen har laert noko, sa Etsy Jensen. Samstundes sa han at det er viktig at media får fram alle fakta.

Venstre-representa­nt Augon Eika synest dette er ei lei sak. Samstundes meinte han at for kommunen er det ikkje lett å handtere ein slik situasjon som oppstod på ein fredag ettermidda­g i ferien.

Respekt

Heidi Røneid (Ap) understrek­a at kommunen må behandle folk med respekt og viste til verdiplaka­ten.

– Det har vore ein uheldig oppførsel frå kommunen, men det er ikkje gjort nokon feil. Det gjeld å tenkje seg litt om. Eg likar ikkje saka, sa Heidi Røneid.

 ?? FOTO: HALVOR ULVENES ?? KLAR MELDING: KommunAlsj­Ef TErjE Kili i Bø kommunE fEkk klAr mElDing om Bruk Av truslAr mot BrukArAr DA kontrollut­vAlEt hAnDsAmA sAkA tysDAg.
FOTO: HALVOR ULVENES KLAR MELDING: KommunAlsj­Ef TErjE Kili i Bø kommunE fEkk klAr mElDing om Bruk Av truslAr mot BrukArAr DA kontrollut­vAlEt hAnDsAmA sAkA tysDAg.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway