Det heilage 9-talet
9ereitrarttal.Eggjekki folkeskulen nokre ti-år før kalkulatoren var oppfunnen. Tverrsumprøva var då ein grei måte for å sjå om svaret på eit reknestykkje var rett. I den prøva stryk ein som kjent 9-tala.
Idag er det heilt omsnudd. Når sjefane i dei store butikkjedene strevar og reknar for å finna ut kva dei må ta for ei vare, så sluttar prisen merkeleg nok alltid opp med eit 9-tal. Kr 4999,-, kr 99,90, kr 9,99 osv. Av og til,
slik ein ti-tolv gonger i året, vil dei hjelpa på den skrale økonomien til kundane sine, og kjem då med ekstra gode tilbod.. Avslag på 20%, 30%, 50%. Men same kva den tidlegare prisen var, og same kva avslagsprosent, så endar alltid dei nye tilbodsprisane au på eitkvart med sluttalet 9. Underlege greier, men
dette syner at BI-utklekte økonomar med store kalkulatorar har små vanskar med å vrengja gamle matematiske lover. Det åttande bodet er truleg heller ikkje pensum for dei som reknar «tilbodspris», samanlikna med «tidlegare pris»». Ein eller annan
stad er det vedteke at alle skal tilbe det heilage 9-talet på ein eigen høgtidsdag. Dagen då 7,4 milliardar menneske på jorda i flokk og fylgje skal strøyma til kjøpesenter og butikkar for å kasta seg over tilbodsvarene, alle riv og slit i klesplagg og dukar, knuser glastøy og serviser, veltar reolar, og kranglar med kvarandre. I kveldinga slepar
me oss heimover, med blå stortå og kloremerker i andletet, nedlessa av ting me slett ikkje treng. (Men det er då for dumt ikkje å nytta høvet når ein ser at ei vare vert seld med heile 50% avslag i prisen!). Tomt kredittkort og tom lommebok. Denne nye festdagen heiter difor blakkfridagen, og skal kvart år feirast ein fredag i slutten av november. Det er litt knapp tid, men dei fleste småskrammene bør vera grodd innan joleftan.