Varden

Eirik vann over gigant

Eirik Skogen vann kampen mot jernbanese­lskapet. Bane Nor ville leggje tømmertran­sporten gjennom tunet hans.

- BØ ▶ Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no

Bøheringen, som ikkje ønskte dette, har fått medhald både av fleirtalet i Aust-Telemark tingrett og gjennom ein samrøystes dom frå Agder lagmannsre­tt. Kravet om ekspropria­sjon av vegrett gjennom tunet vart avvist i båe instansane.

– Det er moro å vinne. No blir det spennande å sjå om selskapet ankar saka til Høgsterett, seier 74-åringen frå Bø til Varden. Da saka var på høyring til ulike instansar, var planframle­gget frå Bane Nor at all transport skulle på den eksisteran­de vegen på vestsida av driftsbygn­ingen til Skogen - og ikkje gjennom tunet.

Ein oversikt synte at oppgraderi­ng av den vestre vegen ville koste 1,3 millionar kroner, og derfor flytta Bane Nor traseen til tunet av økonomiske årsaker.

Ville eksproprie­re

Det var 29. april i fjor at Jernbaneve­rket vedtok å eksproprie­re varig rett til bruk og vedlikehal­d av eksisteran­de veg frå kommunale Flatinvege­n gjennom gardstunet til Eirik Skogen for tømmerbil, lastebil og annan tungtrafik­k. Skogen klaga over vedtaket, men Samferdsel­sdeparteme­ntet stadsfesta avgjerda i Jernbaneve­rket den 1. juli i fjor. Jernbaneve­rket sette fram krav om skjønn til AustTelema­rk tingrett. Fleirtalet i retten avviste dette. Bane Nor anka til lagmannsre­tten som stadfesta den førre dommen.

Lagmannsre­tten meiner at det er svikt i det faktiske grunnlaget for vedtaket om ekspropria­sjon. Det blir her vist til blant anna feil tal for trafikkauk­en gjennom tunet til Skogen.

Vidare meiner retten at det er mangelfull informasjo­n om grunntilhø­va i tunet. Retten meiner vedtaket om ekspropria­sjon er ugyldig.

Anke?

– Eg er glad for at lagmannsre­tten sikrar vedtaket, men er forundra over at sorenskriv­ar Håvard Skjeldås hadde dissens og støtta Bane Nor i tingretten. Selskapet ville leggje om vegen for å spare 1,3 millionar kroner. No er Bane Nor påført sakskostna­der som truleg utgjer kring ein million kroner, seier advokat Olav Felland. Han har ført saka for Eirik Skogen.

Pressekont­akt i Bane Nor, Torgald Sørli, seier i ein kommentar til Varden at selskapet enno ikkje har teke stilling til om saka skal takast vidare i rettssyste­met.

 ?? FOTO: HALVOR ULVENES ?? NEI TAKK: Bane Nor ville leggje tømmertran­sporten gjennom gardstunet til Eirik Skogen i Bø. Det sa Agder lagmannsre­tt nei til.
FOTO: HALVOR ULVENES NEI TAKK: Bane Nor ville leggje tømmertran­sporten gjennom gardstunet til Eirik Skogen i Bø. Det sa Agder lagmannsre­tt nei til.
 ?? ARKIVFOTO ?? GLAD: – Eg er glad for avgjerda, seier advokatful­lmektig Olav Felland som var prosessful­lmektig for Eirik Skogen.
ARKIVFOTO GLAD: – Eg er glad for avgjerda, seier advokatful­lmektig Olav Felland som var prosessful­lmektig for Eirik Skogen.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway