Tre telemarkingar var med på statskuppet
Vidkun Quisling fekk hjelp av to andre telemarkingar da han gjennomførte statskuppet 9. april 1940.
Det som skjedde var eit klassisk statskupp. Haeren var ikkje ein del av dette, men Vidkun Quisling frå Fyresdal støtta seg på tyskarane.
- Ei spennande historie, seier lokalhistorikar Ingvar Skobba i Bø.
Han har skrive om NS i bygd og by i den nye årboka til Telemark historielag. Her fortel han om dramaet før statskuppet fann stad, der dei tre telemarkingane var sterkt involvert.
Slik skjedde kuppet
Asisstentane til Quisling var Harald Franklin Knudsen frå Porsgrunn og faren hans, Christen Knudsen, som i oktober 1940 vart utnemnd til fylkesmann i Telemark. Han var da den fyrste fylkesmannen som blei utnemnd av Quisling, ifølgje Skobba. Det høyrer med at Knudsen møtte som stortingsrepresentant for Høgre frå 192527 og 1929-30.
Harald Franklin Knudsen budde saman med Quisling på Hotel Continental i Oslo natta til okkupasjonsdagen for 77 år sidan. Franklin Knudsen skildrar dette sjølv i biografien sin «Jeg var Quislings sekretaer» som kom ut i 1951.
I biografien frå NS-mannen Knudsen står det følgjande: «Vaer forsiktig, Franklin, hørte jeg Quislings stemme borte fra sengen. Hvis det faller en bombe, kan De risikere å få vindusruten i ansiktet.»
Lurte vakta
Knudsen, som hadde kofferten sin på Hotel Astoria, fekk låne toalettsaker av Quisling. På badet fall visstnok følgjande kommentar: «Vel, vi får gå løs på barberingen. Skulle det ramle ned en bombe på taket, er det ikke verd å se altfor skjeggete ut når vi blir gravd frem.»
Av biografien går det ikkje fram om det var Quisling eller Knudsen som sa dette.
Seinare på dagen samrådde Quisling seg med den tyske representanten Hans Wilhelm Scheidt og sin norske forbundsfelle, Albert Viljam Hagelin, om statskupp. Som rådgjevar og adjutant for Quisling fekk Harald Franklin Knudsen jobben med å dra til NRK for å førebu kunngjeringa av statskuppet. Den tyske vakta nekta å sleppe inn Harald Franklin Knudsen i NRK.
– Scheidt måtte derfor gripe inn, skriv professor Oddvar Høidal i den store biografien «Quisling».
– Etter å ha snakka seg elegant forbi vakta, lurte han dei ansvarlege i kringkastinga til å tru at han hadde myndigheit til å forlange taletid for Quisling. Ha la fram imponerande dokumentasjon, og skaffa telefonisk autorisasjon frå den tyske legasjonen. I realiteten bløffa Scheidt da han han skaffa Quisling tilgang til mikrofonen. Han hadde inga løyve frå Bräuer, den offisielle tyske representanten i Noreg, til å la Quisling danne regjering. Da Bräuer sidan høyrde om kunngjeringa til Quisling, vart han rett og slett paff, skriv Oddvar Høidal. Etter den frekke bløffen kunne Quisling dermed kunngjere statskuppet og landssviket klokka 19.32 den 9. april. Lyttarane, som var lamslegne over den tyske invasjonen, oppfatta kunngjeringa av ei Quisling-regjering som ein del av den tyske okkupasjonen.
Vaktstyre frå Telemark
Medan Harald Franklin Knudsen heldt seg med Ouisling i hovudstaden, hadde faren - hirdførar Christen Knudsen - fått ordre frå Oslo om å mobilisiere alle hirdmenn i Telemark. Dei skulle utgjere ein vaktstyrke for kuppmakaren Quisling. Vaktstyrken fekk bilar, og Christen Knudsen utstyrte også nokre av dei med pistol. På vegen til Oslo fekk dei med seg hirdmenn frå Vestfold.
Sjølv sette Christen Knudsen i verk i rad tiltak dei naermaste dagane for å støtte maktovertakinga til Quisling. Han kontakta fylkesmann Kornelius Bergsvik, disponent Carl P. Whright og ingeniør Erik Cappelen Knudsen. Knudsen bad dei slutte opp om den nye regjeringa og støtte Nasjonal Samling med pressemeldingar, ifølgje Skobba sin artikkel.
Christen Knudsen prøva òg - etter ordre frå Quisling - å stoppe den igangsette mobiliseringa ved å kontakte avisene i Skiensfjorden. Den 13. april påla han redaktørane berre å ta inn
nyheiter og meldingar som kom frå den tyskkontrollerte kringkastaren i Oslo.
Sterk splitting
Professor i historie ved Høgskolen i Søraust-Noreg, Ellen Schrumpf, seier at NS-medlemskapen til Christen Knudsen og Harald Franklin Knudsen skapte djup splitting i familiedynastiet i Porsgrunn. Christen Knudsen var nevø var tidlegare statsminister og Venstre-mann Gunnar Knudsen. – Gamle Christen Knudsen, som kom som skipper til Porsgrunn i 1854, slo seg opp som skipsreiar og verftseigar. Han hadde tre barn, Gunnar, Jørgen og Serine. Gunnar gifta seg med Sophie Cappelen og busette seg på Borgestad i Gjerpen medan Jørgen fekk Frednes. Jørgen gjekk inn i Høgre og vart stortingsrepresentant. Sonen Christen jr. er høgremannen som melde seg inn i NS. Ved kommunevalet i Porsgrunn i 1934 fekk partiet ein sterk posisjon med 7,5 prosent og tre representantar i bystyret. Mora hans, Vinni, blei viktig i kvinnerørsla til NS. Gunnar Knudsen, som døydde i 1929, opplevde ikkje dette, men det blei full splitting mellom familiane på Frednes og Borgestad, seier professor Ellen Schrumpf.
Etter det Varden får opplyst på velinformert hald, er det tidlegare gjeve ut ei familiebok i det mektige dynastiet. Der skal ikkje NS-medlemskapen til dei tre familiemedlemmene vere nemnd med eitt einaste ord.
KJELDER: Telemark historie nr. 38 - 2017 NS i Telemark Oddvar Høidal: Quisling Harald Franklin Knudsen: Jeg var Quislings sekretaer