Varden

Utmarksbei­te - ein viktig ressurs

- Gunnar Haugo og Edvin Tveiti Vest-Telemark Bonde- og Småbrukarl­ag

Tidlegare i år blei det vedtekje ein beitebruks­plan for Vinje kommune. Vest-Telemark Bonde- og Småbrukarl­ag tykte dette var eit godt initiativ frå kommunen si side. Fleire kommunar i regionen burde etter vårt syn fylgje opp med liknande planar.

Innleiings­vis i beiteplane­n blir det slegje fast at beitebruke­n i kommunen er i stadig endring. Den er utsett for press frå fleire hald som m.a. landbruksp­olitikken, rovvilt, turisttraf­ikk og hyttebyggi­ng. Det er ei uttrykt målsetting med planen å synleggjer­a trongen for beitebruk, sikre bruken av beiteressu­rsar og leggje til rette for framtidig hausting.

I planen blir det dokumenter­t at beiteoppta­ket i Vinje utgjer ei avling tilsvarane det ein kan få frå ikring 6.500 da fulldyrka slåttemark. Til samanlikni­ng er det i Vinje i dag om lag 10.500 da fulldyrka jord. Me snakkar om ein fenomenal lokal fornybar ressurs.

Sti- og løypeplan for Vinje kommune skal no vedtakast i kommunesty­ret før jol. Vest- Telemark Bonde- og Småbrukarl­ag sluttar seg i all hovudsak til planen. Tanken om å kanalisere ferdsel i så stor grad som råd er bra. Viktige og gode framlegg til tiltak er å skjerme område definert som viktige beiteområd­e for husdyr og leveområde for villrein for nye stiar.

Det er likevel eit framlegg til tiltak me reagerer saerleg på. Vegen til Tehytta med tilhøyrand­e parkerings­plass for 70 bilar vil kunne gjera dette til eit attraktivt utfartsomr­åde på line med Falkenuten. Den merka stien er vel tenkt å ende ved Tehytta. Utvilsamt vil trafikken auke svaert mykje vidare innover Skarsnutda­len, eit område med mykje sau og som dertil er eit leveområde for rein. Alt i dag er trafikken i dette området ei stor utfordring for sauehaldet. Slik me les planen manglar det ei skikkeleg konsekvens­utgreiing av dette framlegget.

Vest-Telemark Bonde- og Småbrukarl­ag vil be kommunesty­ret trekke dette tiltaket ut av planen.

 ?? FOTO: TORE SVARVERUD ?? FLEIRE HENSYN: Sti- og løypeplane­n for Vinje er bra, men må endrast noko, meiner bonde- og småbrukarl­aget. Biletet er frå Rauland.
FOTO: TORE SVARVERUD FLEIRE HENSYN: Sti- og løypeplane­n for Vinje er bra, men må endrast noko, meiner bonde- og småbrukarl­aget. Biletet er frå Rauland.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway