Sats på VTK i Vest-Telemark
Eg les i VTB at ein utgreier å flytte driftssentralen for straumnettet til Vest-Telemark Kraftlag (VTK) til Grenland. Sidan eg også er Sp- politikar i Tokke, så spør eg meg kor mine kollegaer i politikken og styremedlemmer i VTK er, som tillèt dette?
VTK er grunnfjellet i naeringslivet i Vest Telemark (VT). Her er det mange ulike kompetansearbeidplassaringeniørar, fagarbeidarar, økonomi, IT, og liknande som kan draga ungdommen vår heim att til VT. VTK rekrutterer frå heile VT.
VTK sel og fraktar straum, produserer straum og bygger ut fiber. Naermare ei pengepresse kjem ein knapt. Dei har solid økonomi. Ja, eg veit at nettdrifta skal skillast frå og at nettleiga er høg, men straumnett må vi alle ha, og det må vera mogeleg for andre enn finansakrobatar å organisere ein eigarstruktur mellom kraftproduksjon og nettdrift på, utan at det kostar skjorta og at nettdrifta skal flyttast til Grenland.
Trur verkeleg nokon at dersom ei høgspentlinje i Bandaksli i Tokke fell ut, så vert den raskare og billigare stelt dersom driftsopperatøren sit i Grenland, på ein flott og dyr driftssentral??
Vi har i dag flotte digitale kart og flybilde over den minste krok i distriktet. Likevel rapporterte politiet/NRK Telemark og aviser om jordras i Mo-Byrtevegen på Dalen og brann i Mo–Byrtevegen på Dalen. Jordraset var i Mo ca. 12 km frå Dalen og brannen var i Byrte om lag 20 km frå Dalen. Det skulle tekje seg ut om ein rapporterte brann på Gulset dersom den var i Eidanger.
Styret i VTK - legg denne saka død! Bruk tid og krefter til å utvikle VTK i Vest-Telemark. Kraft er og blir pengar og utvikling.