Varden

Vinje og Seljord sa nei til eigedomssk­att

Kommunesty­ret i Seljord sa blankt nei til å innføre eigedomssk­att.

- SELJORD Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no

Det var berre Peter Fjågesund i Miljøparti­et dei grøne som røysta for eigedomssk­att, dei andre 20 politikara­ne i kommunesty­ret sa nei takk.

Det er klart etter at politikara­ne torsdag handsama budsjett for 2018 og økonomipla­n for dei fire neste åra.

Rådmannen foreslo opphavleg slik skatt. Bakgrunnen for dette var behov for større inntekter. I formannska­pet sa partia at dei ville kome tilbake til spørsmålet i kommunesty­ret, og resultatet der blei eit rungande nei.

Høgare inntekter

Ordførar Halfdan Haugan (Ap) seier til Varden at fleire forhold har endra seg etter at rådmannen kom med framlegget om eigedomssk­att i budsjettet for neste år.

– Prognosane for både konsesjons­kraftinnte­kter og skatteinng­ang er blitt betre, men likevel er det eit krevjande budsjett, understrek­ar Haugan. Han synest det har vore overraskan­de lite engasjemen­t blant innbyggjar­ane i spørsmålet om eigedomssk­att.

Kutt på 2,8 millionar kroner

Budsjettet i Seljord for neste år er på kring 290 millionar kroner.

– Gjennomgåa­nde blir det reduksjon på ein prosent, eller rundt 2,8 millionar kroner. Alle sektorane blir berørt av reduksjone­n, seier Seljordord­føraren.

Han opplyser at Seljord Hage får eit etablering­stilskot på 200.000. Bedrifta skal etablere ein botanisk hage i sentrum.

Får utviklings­tilskot

Seljord Naeringsha­ge er blitt ein suksess, som nyleg blei omtalt i Varden. Den verksemda får eit utviklings­tilskot på 400.000 kroner for 2018.

Kommunesty­ret vedtok elles ei skulepakke på 1,3 millionar kroner, for å sjå på tilstanden ved skulane både i Flatdal og Seljord.

Kantine på ungdomssku­len

Politikara­ne vil ha kantinedri­ft på ungdomssku­len, ei satsing som kostar 116.000 kroner på årsbasis.

Ifølgje ordføraren er dette ei sak som har skapt engasjemen­t i bygda under Skorve.

 ??  ??
 ??  ??
 ??  ?? FÅR TILSKOT: Seljord naeringsha­ge får 400.000 kroner i utviklings­tilskot. Det avgjorde kommunesty­ret torsdag.
FÅR TILSKOT: Seljord naeringsha­ge får 400.000 kroner i utviklings­tilskot. Det avgjorde kommunesty­ret torsdag.
 ??  ?? KREVJANDE: – Krevjande budsjett, seier Halfdan Haugan.
KREVJANDE: – Krevjande budsjett, seier Halfdan Haugan.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway