Varden

Kjøpte livet sitt ved å bli bøddel

I bondeopprø­ret for snart 500 år sidan stod gardbrukar­ar i øvre Telemark og folk frå Skien saman mot gruvedrift­a. Opprøret enda med fem drap.

- SELJORD Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no

Bakteppet er at i 1537 undersøkte to bergkunnig­e menn frå Sachsen i Tyskland om det var kopar og sølv i norske fjell. Dei rapportert­e til kong Christian III om funn mellom anna i Moisesberg i Fyresdal og ved Gullnes i Seljord.

– Den tyske bergmeiste­ren, Hans Glaser, leia arbeidet med å byggje opp den norske drifta i øvre Telemark. Han ville ha Gimsøy i Skien som bergstad med eigen mynt og eit torg der ulike varer skulle bydast fram. Det skriv Bergit Lisleåshei­m Telnes «Bergverksd­rift og bondeopprø­r Vest-Telemark 15381549». Denne hovudoppgå­va i historie - frå 1991 - er hovudkjeld­a for opplysning­ane i denne artikkelen.

17 arbeidarar drukna

Sommaren 1539 drog Glaser til Noreg med 76 gruvearbei­darar. Skipet gjekk rundt ved Bragernes i Drammen, og 17 av bergmennen­e drukna. Dei 59 attlevande vart fordelte på gruvene i Sandsvaer, Gullnes og Moisesberg.

Ifølgje Telnes rakk ikkje bergmennen­e å gjere stort ved gruvene før dei møtte motstand. Om våren 1540 fekk høvedsmann (militaer sjef) Peder Hanssøn på Akershus slott fleire rapportar om uro i Vest-Telemark. Bråket førte til at gruvearbei­darane måtte rømme til Skien. På det viset ramma bøndene Kongen som såg for seg store inntekter på bergverksd­rifta.

«Blodåkeren»

Kong Christian let seg ikkje stoppe av telemarkin­gane. Han sende soldatar heilt frå Båhus festning, med Claus Bille som leiar. Bøndene møtte kongshaere­n i Ambjørndal­en. Bondeleiar­ane vart tekne til fange og bøndene frå dei ni prestegjel­da som deltok i opprøret vart stemna for retten.

Bygdene Seljord, Lårdal, Vinje, Tinn og Hjartdal vart rekna for å ha ei meir sentral rolle i opprøret. Kvar mann frå desse bygdene skulle bøte med ei ku, to sauer, 1/2 pund smør og ei tønne malt eller mjøl.

Dei 16 leiarane - frå Seljord og truleg Lårdal - vart dømde til døden. Ein mann berga livet ved å vere bøddel og ti kjøpte seg fri med høge bøter. Fem leiarar måtte straks bøte med livet. Drapa med halshoggin­g skjedde rett ved kyrkjegard­en i Hjartdal, fyrste tysdagen etter Olsok i 1540. Området ved kyrkja fekk sidan namnet «Blodåkeren».

Motstand i Skien

Tyskarane drog tilbake til gruvene etter at opprøret var slege ned. Men problema var ikkje over. I august 1542 vart det rapportert om uro på Moisesberg i Fyresdal. Arbeidaran­e der hadde vore utan brød i tolv dagar, og truga både sjefar og fut på livet. Matmangele­n skuldast at bøndene nekta å selje varer til bergmennen­e. Etter fire år gav bergmeiste­r Hans Glaser opp. Han hadde to gonger stått i fare for å miste livet på grunn av det harde klimaet i Vest-Telemark. Sommaren 1543 vart det igjen rapportert om matmangel. Arbeidaran­e la ned arbeidet og drog til Sandsvaer, men sjefen fekk dei til å vende tilbake til Moisesberg.

Motstand i Skien

Heller ikkje i Skien var det nokon idyll. Borgarane der var ikkje mykje interesser­t i ein bergstad på Gimsøy som skulle nyte godt av både tollfridom og fritak for skatt. Folka i Skien skjøna at dei ikkje ville klare seg i denne handelskon­kurransen. Dei var heller ikkje interesser­t i at tømmerhand­elen til hollendara­ne skulle ta slutt.

– Derfor gjorde folk i Skien felles sak med bøndene og sette høg pris på varene dei selde til gruvearbei­darane. Bergmennen­e skreiv klagebrev til Kongen. Det landet dei hadde kome til likna på eit villnis, så dei samanlikna situasjone­n med slik Israel-barna hadde det i Egypt.

I historia om Christian III sitt bergverk i Vest-Telemark ser me eit døme på at ei ny naering med ekspertar frå utlandet møtte så kraftig motstand frå lokalsamfu­nna at drifta vart lagt ned, skriv Bergit Telnes. Kong Christian gav derfor opp og la ned bergverket i 1549.

Skuldast reformasjo­nen

I tidlegare materiale er plikt for bøndene til å arbeide for bergverka nemnd som årsak til opprøret.Telnes viser til at arbeidspli­kta kom heller som følgje av opprøret. Det var inga arbeidspli­kt før opprøret i 1539/40, går det fram av hovudoppgå­va hennar.

Telnes meiner at innføring av den lutherske laera til fordel for den katolske var ein viktig grunn til opprøret i Vest-Telemark. Ho viser her til eit brev frå Peder Hanssøn 17. mars 1540. Bøndene nekta å betale ei avgift som opphavleg biskopane skulle ha. Desse vart avsette under reformasjo­nen, og da ville ikkje bøndene ut med avgifta til ei verdsleg styresmakt. Dei likte også dårleg at det skulle vere vareleveri­ng til gruvearbei­darane på laurdag, som tidlegare var festdag for jomfru Maria. – Bøndene vart pålagt å skifte ut den gamle trua med den lutherske laera, og samstundes kom menn frå andre land inn på området deira. At desse framande var lutherske, gjorde ikkje tilhøvet til telemarkin­gane noko betre, skriv Telnes vidare.

Ho fortel at i Seljord var den eine steinkyrkj­a - som låg naer dagens kyrkje - vigd til St. Tarald. Dagens kyrkja var vigd til St. Olav. Tarald var ein lokal helgen både i Numedal, Setesdal og Vest-Telemark. Det var sprengstof­f da lutheranar­ane byrja å bruke Taraldskyr­kja til messene sine.

Lite populaert

I Vest-Telemark var det få leiglendin­gar. Dei fleste eigde bruka sine sjølve, og hadde derfor eit svaert naert tilhøve til odelsjord og aettegard. Bergverket gjorde krav på dei gardane som låg naer gruvene, og det var sjølvsagt ikkje populaert. Dette var truleg ein annan grunn til det største bondeopprø­ret her i landet.

Etter at kong Christian III gav opp bergverksd­rifta i 1549, var det gjennom meir enn 300 år framover start og stopp i Gullnes-gruvene. I 1888 gjorde ti mann eit nytt forsøk på drift, men dei kasta raskt korta. Etter dette har ikkje desse gruvene i Seljord vore i drift.

 ??  ?? DRAPA: Slik såg kunstnaren Erlend Grøstad for seg drapa på dei fem bøndene ved Hjartdal kyrkje fyrste tysdagen etter Olsok i 1540.
DRAPA: Slik såg kunstnaren Erlend Grøstad for seg drapa på dei fem bøndene ved Hjartdal kyrkje fyrste tysdagen etter Olsok i 1540.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway