Trenger laerlinger i mekaniske fag
Naeringslivet vil ha fleire laerlingar frå mekaniske fag.
– Eg trur at alle elevane som no går på VG1 vil få laerlingplass. Dei tradisjonelle mekaniske faga spør etter fleire laerlingar nå enn de siste åra. Der bedriftene tidlegare skulle ha ein laerling, ønskjer dei seg no tre til fire laerlingar, opplyser kontaktlaerar Stig Nygård til Nome vidaregåande skule, avdeling Lunde.
Open skule
Fyrstkomande laurdag har Nome Vgs, avd. Lunde, open skule.
– Her er framtidige elevar og alle andre velkomne til å sjå kva me driv med, seier Stig Nygård. Utdanningstilbodet i Lunde består av fem retningar på VG 1 bygg og anleggsteknikk, design og handverk, elektrofag, helse og oppvekstfag samt teknikk og industriell produksjon.
Skulen har følgjande liner på VG2: Byggteknikk, frisør, elenergi, helsearbeidarfag, industriteknologi og anleggsteknikk.
Nygård opplyser at publikum på den opne dagen både får informasjon og sjå aktivitetar og elevarbeid. Ein bil frå filmen «Børning» er eitt trekkplaster denne dagen.
Skulen i Lunde har elevar frå store delar av Telemark Treungen, Kviteseid, Tokke, Vinje, Seljord, Bø, Sauherad, Notodden, Grenland, Kragerø, Drangedal og Nome.
To klasser
Det er no to klasser i VG1 på TIP (Teknikk og industriell produksjon). Desse har til saman 21 elevar og Nygård er kontaktlaerar for ei av klassene.
– Elevane på TIP kan velje mellom 53 fag på VG2 som til dømes, bil, landbruk, anlegg, industrimekanikar, CNC-operatør, sveisar osb. Me har eit godt samarbeid med små og store bedrifter om utplassering og laerlingplassar i Midt-Telemark og elles i Telemark. Her kan nemnast Bandak, Ulefos Jernvaerk, Bilfinger, Eramet og dei mindre og mellomstore bedriftene, seier Stig Nygård.
Veldig bra miljø
Ida Tomine Firingen Nordskog og Julia Bindas er dei to einaste jentene på VG1 TIP.
– Her er det eit utruleg bra miljø. Me passar inn her, seier Ida som har lyst til å bli platearbeidar eller CNC-operatør.
– Det har vore draumen heile livet, seier ho. Som CNC-operatør styrer ein mekaniske bor og fresemaskiner.
Julia Bindas, opphavleg frå Polen, liker seg også godt på skulen i Lunde. Ho har lyst til å satse på transportsektoren i framtida.