Arnfinn - ein skikkele
Han laga felleski før folk flest kjente til slikt utstyr. Arnfinn Hegg er ein skikkeleg pioner.
-åringen sit med sjokoladedrikken og ser ut mot Totak og Raulandsfjell frå verkstaden sin i Nedre Såtehov i Rauland. Her har den pensjonerte tannlegen gjennom meir enn 20 år laga felleski. Han legg inn fellar på brukte ski eller leverer nye ski med fell. Den innlagde fellen er mykje lengre enn på dei skia du får kjøpt i butikken.
Betre glid og feste
– Fellen min gjev både betre gli og meir feste i bratte motbakkar. Det kan eg bevise, seier vinbyggjen på dialekten sin frå Indre Sogn.
Han flytta derifrå da han var fem år gamal. Faren jobba i NVE, og da han fekk jobb på Tokke-utbygginga i 1957, flytta heile familien til Åmot i Vinje.
Lei bakglatte ski
Arnfinn hadde tannlegepraksis fleire stader i landet, deriblant i Bodø, før han kom til Vinje i 1976.
– Det byrja med at eg blei lei bakglatte ski. Eg hadde ideane, men ikkje praktiske moglegheiter til å setje desse ut i livet i ein leilegheit i nordlandsbyen, fortel han sjølv om den saka.
Det var fyrst etter at han kom til Telemark at det blei fart på utviklinga.
– Ein dag oppe i heia fekk eg ideen om glideflate og festeflate på ulikt nivå. Fyrste forsøket vart gjort i ei snøfonn på Dyrskar i august i 1991. Eg skar ut med ein tollekniv på skia produsert på Kongsberg, sette inn ein fell, og fann da ut at varianten kunne vidareutviklast til noko fornuftig, fortel Arnfinn vidare.
Laerte seg skiproduksjon
Etter dette gjekk han enda meir systematisk til verks, og laerte seg meir om produksjon og oppbygging av ski. Han vitja Rønning treskifabrikk og fortel at han fekk ei super mottaking og hjelp der.
I OL-løypene på Lillehammer i 1994 dreiv skientusiasten med testing av ski i det stille.
I forsøksperioden hadde han god kontakt med Aasnes skifabrikk. Også der fekk han ei varm mottaking, og kjøpte ein rull med fell.
– Arnulf Aasnes var ikkje redd for konkurranse, seier skimannen i Rauland.
Som ein del av testforsøka gjekk Arnfinn Vasaloppet, med fell på skråflate. Han slår fast at det fungerte ikkje. Derimot viste parallellflate med nylonfell seg å vere både best og mest slitesterk.
Han seier sjølv at han har bruka masse tid på eksperimenta - og «mishandla» kring 40 par med ski før han fekk dreis på produksjonen.
– Ein gong stod eg her til klokka 03.30 på natta og så venta tannlegejobben få timar seinare, seier mannen som var tannlege i Vinje frå 1976 til 2011.
Materialane avgjer
Arnfinn seier at kjernematerialet avgjer kor vellukka det blir å byggje om gamle ski. Han meiner at både Atomic, Rossignol og Fischer er kurante merke, men vil ikkje ut med kva merke som han synest er best.
– Det aller beste er å leggje inn fell på nye skøyteski. Desse fungerer også best for folk som berre vil gå i klassisk stil. Det er liksom meir liv i skøyteskia, meiner han.
Slik er prisen
– Folk lurar sikkert på om det er dyrt å leggje inn fell?
– Eg tek 2.000 kroner pluss moms for å leggje inn fell, enten det er på nye eller gamle ski. For dei som skal ha nye ski, er det innkjøpsprisen på desse som bestemmer totalen.