Varden

La ulven leve, men ikkje her i landet vårt

- Olav Ettestad

La ulven leve, skreiv Julie Seland for ei tid sidan. Ja, ulven skal få lov til å leve, men ikkje her i landet.

Den skal leve der den høyrer heime. Der den har levd i årtusener, og der naturen har forma den til det store, sterke rovdyret den er, med spesielt gode bein og luktesans. Det var det bruk for på dei store øydeflaten­e der dei livde for å få seg mat. Om du bare har litt, ja bare litt, greie på det norske viltet så ser du tydeleg at ulven ikkje høyrer med til vårt vilt i skogen eller på fjellet.

Ulven er eit av dei verste streifdyr me har, og den kom inn her i landet naermest som ei bylgje kvar gong. Dei kom frå Russland inn i Finland og Sverige og til Noreg. Her i landa var det mat å leve av, og då var dei her i mange år av og til.

Etter ei tid hadde ulven, som det verste rovviltet, tatt alt viltet, og då var ulven vekk igjen i lange tider. Då ulven var her i landet var det meir enn vanskeleg for folk. Dei hadde ikkje skytevåpen dei fyrste gongene, og dårleg med det siste gongen ulven var her og.

Den ulven me har i dag er innført. Tenk å innføre eit slikt rovdyr, og så frede det! Stortinget for 80 år sidan ville ha blitt heilt sjokkert over å tenke seg at dei som styrer landet i framtida kunne så lite om viltet vårt her. Sanninga er at over halvdelen av dei som er på Stortinget trur, jeg eg skriv trur, at me alltid har hatt ulv i skogene våre.

Genferkonv­ensjonen har vedteke at me skal ha ulv her, men den har nok gjort dette etter opplysning­er frå nokon etter dei som då styrte i landet her. Dette må dei som i dag styrer få retta på slik at me blir kvitt dette framande skadedyret. Her i landet er det ikkje plass til ulv. Me har nok med våre eigne rovdyr.

 ?? FOTO: SCANPIX ?? UØNSKET: Norge bør ikke ha ulv, den hører ikke hjemme her mener artikkelfo­rfatteren.
FOTO: SCANPIX UØNSKET: Norge bør ikke ha ulv, den hører ikke hjemme her mener artikkelfo­rfatteren.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway