Varden

Lannavegen nok ein gong

- Nome SV

I fleire år trudde mange av oss at nå blir det endeleg ny veg Kaste-Stoadalen, og vi trudde at det endeleg også ville bli investert i trygge forhold for mjuke trafikanta­r langs Lannavegen.

Og det var god grunn til å vere optimistis­k: Både Nome kommune og Telemark fylkeskomm­une hadde bevilga pengar til ny veg. Bomveg rektig nok, men likevel. Men vi hadde ikkje regna med ei fotnote som i følge «Kanalen» medfører at ein manglar 140 millionar kroner på finansieri­ng av vegen. Så nå er det «på’an igjen».

Eg forstår godt ordførar Bjørg Tveito Lundefaret som undrar seg på at Vegmyndigh­etane bruka 2,5 år på å oppdage denne fotnota, som dei sjøl hadde skrivi. Det er like utruleg at denne store differanse­n ikkje kom fram på folkemøter som blei arrangert.

Kva nå? Ja, sei det. Eg forstår i alle fall at det ikkje er lett å vere verken kommunepol­itiker eller fylkespoli­tiker for å skaffe fram eit 100-tals millionar til.

Ein ting er sikkert, Lannavegen har vori på det politiske kartet frå 1970-talet. Det er rundt 50 år det. I dei fleste av desse 50 åra var dette ein statleg finansiert veg. Nå er som kjent vegen ein fylkesveg, men det er rimeleg i dette spesielle tilfellet at Staten hjelper til med finansieri­ng av «fotnota». Det bør vere ett av krava som nå blir stilt. Sikkert ikkje lett å få i gjennom, men likevel.

Ein annan ting som er sikkert, er at å la dagens trafikk gå langs dagens trase, ikkje er framtidsre­tta. Å la ein sterkt trafikkert fylkesveg gå gjennom et boligfelt, kan aldri bli ein suksess. I alle fall ikkje for dei som bur der. Det blir dårleg trafikksik­kerhet og miljø av det. Med ny bomfinansi­ert veg mellom Ulefoss, Gvarv og Bø, vil det garantert bli stor lekkasje av trafikk som vil unngå bompenger ved å køyre Lannavegen. Dersom ingenting blir gjort raskt, vil ulempene for ungar og andre som bur her bli endå større. Det er derfor viktig for politikare­ne å få i stand raske tiltak for å hindre denne lekkasjen via Lannavegen. Dette kunne eg ikkje sjå var tatt opp i brevet frå formannska­pet til vegmyndigh­etane.

Uansett kva som skjer, må vegmyndigh­etane raskt kome på banen med raske trafikksik­kerhetstil­tak langs Lannavegen for gåande og syklande. Det blei for nokre år sidan bevilga 12 millionar kroner til trafikksik­kerhetstil­tak for mjuka trafikanta­r her, men som ikkje blei bruka. Tilsvarand­e midlar må raskt inn igjen, fordi uansett kva som skjer, vil det ta tid før vi får den optimale løysinga for mjuke trafikanta­r på denne vegen. Ein veg som opprinnele­g blei bygd som ein hesteveg.

Gunnar Sanden

 ?? FOTO: GUNNAR SANDEN ?? TRONGT: Det er dårlig plass til å møtast på Lannavegen, men no er ny veg utsett.
FOTO: GUNNAR SANDEN TRONGT: Det er dårlig plass til å møtast på Lannavegen, men no er ny veg utsett.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway