Vinterstengde fjellvegar for villreinen
Det er ei klok og nødvendig avgjerdsle å ikkje opne vegen mellom Småroi/Tessungdalen og Imingfjell/Uvdal under Gavlen for biltrafikk nå når det er små og store villreinflokkar på begge sider av vegtraseen.
Lufsjåtangen på austsida av vegen er og har alltid vore eit viktig vinterbeiteområde for reinsdyra. Da området for ei tid tilbake var relativt nedbeita, var sjølvsagt ikkje reinen der. Dette blei da bruka som argumrent for vinteropen veg over fjellet. Etter nokre kvileår synest nå lavmatta å ha kome tilbake, takka vera villreinens beiterotasjon. Argumentet for å halde vegen open om vinteren er derfor ikkje lenger relevant.
Vegglifjell: Om det derimot er så konfliktfylt i høve til villreinen med vinteropen veg mellom Tinn og Veggli, skal vera usagt. Villreintrekket mellom Hardangervidda og Blefjell over Killingskaret er lite dokumentert i seinare tid, sjølv om det i Blefjellplanen er avsatt trekkoridor her, medan det i fylkesdelplanen for Hardangervidda ikkje er regulert inn tilsvarande korridor. Snakk om dårleg plankoordinering.
Gaustavegen: Same spørsmål kan ein stille om fylkesveg 651 mellom Bitringsnatten i Tuddal og Svineroi i Tinn som nå er opna for påsketrafikk. Det er ei kjent trekkrute for villreinen frå Brattefjell-Vindeggen over Råen under Gaustaknea til vinterbeita lengre aust. Sjølv har eg observert at reinsdyra brukar denne trekkruta. Om det er registrert rein her nå på vårvinteren er ukjent for meg. Årsaka kan sjølvsagt vera at dyra er meir og mindre stengt ute frå å nytte området austover på grunn av skiløypenettet frå Tuddalsida.
Vis omsyn til villreinen i påskefjellet. Uansett stengte eller vinteropne bilvegar, villreinen treng meir enn nokon gong ro på denne tida. Etter ein lang, hard, kald og snørik vinter der dyra har gått på «sparebluss» og vinteren fortsatt ikkje har slept taket, er dyra sårbare for menneskelege forstyrringar.
I tillegg er simlene drektige fram mot kalvinga på vårparten. Ser du reinsdyr på skituren, så vik sakte unna, i staden for å prøve å kome i posisjon med tanke på å ta eksklusive bilder. Fest heller den fine opplevinga og det vakre synet på netthinna di. God påsketur!