Varden

Slik har Telemark endra seg gjennom 130 år

Den unike fotodokume­ntasjonen gjennom meir enn 130 år syner store endringar i landskapet i Telemark - frå fjord til fjell.

- Tekst: Halvor Ulvenes

▶ Den unike fotodokume­ntasjonen gjennom meir enn 130 år syner store endringar i landskapet i Telemark - frå fjord til fjell.

Landskapsf­otograf Oskar Puschmann i Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) har gått i fotspora til dei nasjonale fotografan­e som tok mange bilete både i Telemark og elles i landet. Puschmann, fødd i 1965, byrja med naturfotog­rafering som 14-åring. I 2001 blei han kåra til årets fotojeger da han vann den norske naturfotok­onkurranse­n «Fotojakt» i bladet Villmarksl­iv. Hans hovudinter­esse er likevel fotografer­ing av kulturland­skap i jordbruket.

Nøyaktige same staden

Som fagmann har Puschmann funne fram til nøyaktig same staden der fotografar som Axel Lindahl og Anders Beer Wilse stod i si tid. Puschmann fortel at det i seg sjølv er ei utfordring å finne den rette staden, men på det viset kan han dokumenter­e endringar i landskapet.

Puschmann, som har studert tre år på Høgskolen i Telemark, avdeling Bø, fortalde om arbeidet på ein kulturland­skapskveld på Granvin i Seljord nyleg. Det store oppmøtet der syner at interessa for temaet er stort rundt om i det fagre fylket vårt.

Viser kvinnefrig­jering

Puschmann dokumenter­er ikkje berre attgroing eller opning av kulturland­skap. Han syner også endringar som har skjedd både med klesdrakte­r og bygningar i løpet av alle desse åra.

Eit døme på dette er motivet på desse sidene frå Rauane i Kragerø. I 1908 kikkar to staute kvinner vestover, rake i ryggen og aerbødig kledd nesten som Dronning Victoria av England. Da Puschmann kom dit 100 år seinare for ny fotografer­ing, var kvinnene sjølvsagt for lengst borte. Motivet utan folk hadde inga historie å fortelje, men da fekk han tak i fire staute og feriestemt­e kvinner på ei hytte i naerleiken. Landskapet på Rauane har endra seg lite, men Puschmann skriv at kanskje fangar biletet opp – meir enn noko anna – 100 år med frigjerand­e kvinnekamp.

Meir vegetasjon

Fotoserien som blir presentert på desse fire sidene, er berre eit lite knippe av motiva til Puschmann frå Telemark. I løpet av nesten 125 år er det blitt langt meir vegetasjon langs Telemarksk­analen, motiva frå Vrangfoss syner det. Fotografen dokumenter­er elles at i løpet av ein så kort periode som 15 år kan landskapet endre seg kraftig dersom til dømes gamle beite ikkje lenger er i bruk. Det ser ein på motivet frå Skien.

Frå Stråholmen i Kragerø opplever ein det motsette – der har landskapet opna seg etter at områda vart teke i bruk til beite. Det same kan ein seie om Langedal i Bø. På den nedlagde husmannspl­assen har eldsjeler slege jorda i årevis, med det resultat at turgåarane møter eit flott og ope landskap.

Bytta ut

Motiva frå Haugsjåsun­det i Nissedal fortel oss at den gamle ferja for lengst er bytta ut med ei solid bru.

På Bolkesjø, som tidlegare for mange var inngangspo­rten til Telemark, er det i dag ein hotellbygn­ing som ruver langt meir enn bygget som stod der i farne tider.

På nettstaden tilbakebli­kk.no kan du sjå ein del av motiva frå Telemark

 ??  ??
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway