Varden

La ulven leve, men...

-

Dat var bra at eg fekk svar frå Lizzie Putnam og Ragnar Hylland. Me er einige om det aller meste, og at «det har aldri eksistert en saernorsk ulvebestan­d».

Det er nettopp det eg og meiner, men kvifor skal me då nå i dag ha ulv i våre bygder? Ingen vil ha ulv i naerleiken av våre byer. Ulven høyrer, som tidlegare skrive, heime på dei store slettene i Russland. Men ulven er eit av verdas verste streifdyr og har alltid spreidd seg over mange land og holder seg der kortare eller lengre tid.

Sanninga er at det er for mykje ulv som et opp maten vår. At ikkje du ser at ulven ikkje høyrer med til det viltet me har her i landet, kan eg ikkje gjera noko med. Eg har vore saman med viltet i skogen frå eg var gutunge, og jakta på alt vilt unntatt hjort og dei store rovdyra, og eg har vore reverøktar i tre år. Du må ha kjennskap til viltet og vite korleis det lever. Då ser du at ulven er eit dyr som ikkje høyrer med i viltmassa vår. Ulven med den gode luktesanse­n var ikkje nødvendig her i landet. Den lukter viltet på kilometers avstand, og tar med seg alt.

Eg er redd ulven. Ein gong tok eg meg ein skitur i måneskinet ein kveld (ikkje her i landet). Då eg hadde gått nokre kilometer høyrde eg brått ulvehyl frå ein ulveflokk på andre sida av eit vatn. Eg vart meir enn redd og kom meg heimover fortast mogleg. Ulveflokke­r er farlege. Eg skulle gjerne sett den som åleine ikkje er redd ulv. For vel 200 år sidan vart to born tekne av ulv i naerleiken av der eg bur i Drangedal. Ja, ulven kan vere livsfarleg, saerleg for barn, men ein einskild ulv kan vere redd, som alt vilt er.

Ragnar Hylland viser til at det kom mest ulv til Finnmark frå Russland, men det er vel ingen der som vil ha ulv i dag. Og eit spørsmål: Er det bare dei store rovdyra, og spesielt den innførte ulven som skal ha alt av småviltet vårt? Me her i Telemark har og hatt ulv som nok har ete grovt av matfatet.

Ein stortingsm­ann skreiv at me alltid har hatt ulv i våre skoger. Det må vel og dei fleste på Stortinget meine, avdi dei har vedteke at me skal ha ulv. Dette er altså feil. Ulven har aldri vore vore fast her i landet. Difor er det ikkje rett å innføre ulv og frede den. Tar me vekk fredninga av ulven, så vil me få det som det alltid har vore, det vil kome streifdyr inn i grensa til Sveriga sp lenge dei greier å ha all den ulven dei har, som vel og skremmer folk frå bygdene der.

Ulven er eit streifdyr og har i lange tider kome hit til landet og vore her ei tid. Me kan ikkje ha ulv sjølv om eit fleirtal er for det. Dei kjem då til å plage eit mindretal. Me må ha vekk ulven, og ha mindre gaupe og ørn her sør, slik at me kan få attende småviltet vårt.

Me har altså bare hatt streifdyr av ulv. Difor må dei som styrer her i landet ta vekk fredninga av ulven. Så vonar eg at me ein gong igjen igjen vil få vårer med orrebulder mest på kvar ås om morgonen, og gaukegal heile dagen.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway