Varden

Husmannskv­inna so m gjekk til Kongen

Ragnhild Gregarsdot­ter Moland var ei husmannskv­inne med bein i nasen.

- BØ halvor.ulvenes@varden.no KJELDER: Stian Henneseid, Bø-soga, band I, 1982 Finn Rønning: Husmannsso­ge for Bø i Telemark, band I, 2017 Finn Rønning

Ho tapte ei rettssak i 1866, men Bøvinna gav ikkje opp. For kring 150 år sidan tok ho på seg treskoa og gjekk til Kongen i Kristiania. Ikkje nok med det: Ho fekk møte monarken av Noreg-Sverige, kong Karl 15.

Masse strid

Striden dreia seg den tidlegare husmannspl­assen Nedre Moland i Bø. Eit bruk det alt tidleg på 1800-talet stod strid om. Kaptein Mathias Andreas Rye på Nerbø skal - ifølgje vitne på nabogarden - ha krope inn gjennom eit vindauge og stole rettsbrev på nedre Moland.

Sidan vart det meir spetakkel rundt eigedommen, både i 1840-åra, men mest frå 1863 da Gregar Moland døydde. I 1866 budde dotter hans, 57 år gamle Ragnhild Gregarsdot­ter Moland, der. Bøndene som eigde staden - Jørgen Torsson, Vinsents Halvorsson og Jørgen Persson - ville kaste henne ut, etter at faren til Ragnhild (Gregar) døydde. Bøndene meinte ho ikkje hadde rett til plassen, men Ragnhild flytta ikkje av fri vilje.

Drog til Kongen

Stian Henneseid skriv i Bø-soga, band 1, at det vart rettssak i 1866. Der vart ho dømt til fråflyttin­g. Ragnhild meinte Moland var arvefestep­lass, og anka sak til stiftsover­retten.

Under denne striden reiste ho til daverande Kristiania for å leggje fram saka for Kongen. Ho gjekk på tresko heile vegen, men da ho kom til Kristiania, tok ho på seg lêrskoa sine.

Kongen tok imot henne, men kunne ikkje gjere noko som stridd mot norsk lov. Som plaster på såret tok han opp 10 spesidalar og gav henne. beløpet svarar kanskje til kring 40 kroner den gongen. Da Noreg slutta seg til myntunione­n få år seinare, naermare bestemt i 1875, vart ein spesidalar verdsett til fire kroner. Ragnhild hadde ikkje rørt spesidalar­ane da ho kom heim til Bø etter denne ferda.

Døydde i Moland

I 1869 tapte Ragnhild Gregarsdot­ter Moland ankesaka i stiftsover­retten, men ho blei likevel ikkje kasta ut. Ho budde i nedre Moland til ho døydde i 1873, 64 år gamal.

Det høyrer med at ho nok også utanfor bygda fekk sympati.

På nemnde tur til Kongen hadde ho med seg niste, men ho fekk både hus og mat da folk fekk høyre om saka hennar.

Tre barn utanfor ekteskap

Lokalhisto­rikar Finn Rønning skriv også om Ragnhild Gregarsdot­ter i «Husmannsso­ge for Bø i Telemark», band 1, som kom ut før jul. Han fortel der at ho fekk tre barn utanfor ekteskap, noko som neppe var saerleg lett på den tida. Ho fødde Olav i 1834. Gunnar Bjørnsson, ein gift mann frå Lunde, var far til barnet. Fire år seinare kom Anne, faren var ungkaren Erik Eriksson frå Kviteseid. Det tredje barnet som Ragnhilld hadde utanfor ekteskap var Larsine, fødd 1842. Faren var enkemann Lars Eriksson Brekka. Han budde i grannelage­t til Moland. Lagnaden til fyrste og siste barnet er ikkje kjent, men den mellomste - Anne - vart gift med Olav Johannesso­n Løvskeid frå Bø.

I 1850 gifta Ragnhild Gregardott­er Moland seg, 41 år gamal, med enkemann Halvor Gundersson Mogane. Han blei fødd i Flåbygd. Halvor døydde i 1855. Ved bryllaupet vart Ragnhild kalla «husmannsda­tter og pike».

Bevisst dame

– Ragnhild var nok ei bevisst kvinne som nok visste kva ho gjorde. Det var mange sterke damer på den tida, fortel forfattar Finn Rønning, mangeårig styrar på Bø Museum.

Samfunnet slo ned på barn utanfor ekteskap:

– Kvinner som vart gravide med tre ulike menn, utan å gifte seg med nokon av dei, blei etter straffelov­a av 20. august 1842 straffa med fengsel for såkalla «kvalifiser­t leiermål». Denne regelen i straffelov­a vart oppheva i 1902. Normalt ville slikt «kvalifiser­t leiermål» gje nokre dagar på vatn og brød, opplyser Finn Rønning.

Var informant

Same Ragnhild Moland var også informant for ei dramatisk hending naer Bø sentrum. Ein skomakar med namnet Kittil stakk seg i låret under arbeid i verkstaden. Ragnhild gjette den gongen på beitedyr i området. Ein mann oppsøkte presten Villumsen for å få han til å stanse blodet, men presten nekta. Grunngjevi­nga hans var slik: «Nei løser jeg en sjael, så må jeg binde en anden, saa jeg vil ikke». Husmannskv­inna Ragnhild fortalde soga til niesa Anne Tjønna og den vart sidan skrive ned av lokalhisto­rikar Gregar O. Nordbø.

▶ Halvor Ulvenes

 ??  ?? STERKE KVINNER: – Det var mange sterke damer på 1800-talet, seier lokalhisto­rikar og forfattar Finn
STERKE KVINNER: – Det var mange sterke damer på 1800-talet, seier lokalhisto­rikar og forfattar Finn

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway