Varden

Spela sidan 1955

Kjell Stundal spela for 64. gong på nasjonalda­gen.

- ▶ Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no

– Det har blitt ein livsstil. Eg synest det er fantastisk moro å spele i korps, seier veteranen i Bø ungdomskor­ps. Stundal spela fyrste gong det året han fylde ti år, nemleg i 1955. Debuten skjedde da i gutemusikk­en heime i Aurland i Sogn. Den gongen spela han trompet og kornett.

– Sidan har eg spela kvar einaste 17. mai. Eg tok vidaregåan­de utdanning og laerarskul­e i Bergen. På laerarskul­en var det eige korps. Eitt år var eg i Amerika, da spela eg også på nasjonalda­gen vår. Trompet har vore hovudinstr­umentet, men no spelar eg valtorn, seier veteranen.

Også i Amerika

Sogningen slo rot i Telemark tidleg på 1970-talet. Han kom til ungdomssku­len i Sauherad og sidan til Bø. Som musikklaer­ar var han aktiv i opplaering av skulemusik­ken. I Bø var han med på å dra i gang skulemusik­ken, der Georg Brekke den gongen var ei eldsjel. Stundal har også bygd opp ungdomskor­pset der han spela i år.

Fyrst gjekk han i barnetoget frå Bø skule til kyrkjene på Bøhaugen, så var det framføring i Sauherad, før konserten på Bø Torg om ettermidda­gen. Stundal er også medlem av 17. maikomitee­n, så feiringa var ikkje over før etter talarstemn­et i Gullbring torsdag ettermidda­g.

Alle med

– Var det vanskeleg å kombinere da du var småbarnsfa­r?

– Nei, det gjekk greitt. Alle barna var aktive i korpset, svarar bøheringen.

Han seier at når grunnoppla­eringa er på plass, ser han fram til øvingane.

– Dette er ein fin hobby og me har eit godt sosialt fellesskap.

– Kjem du til å vere med så lenge du kan tygge graut?

– Ja, så lenge tenner og pusten er på plass. Å marsjere og spele er ei stor fysisk utfordring.

Aldri stoppa

– Korleis har det vore med vêret gjennom alle desse åra?

– Det er ikkje så ofte at me har hatt regn, to - tre gonger kanskje. Men det har aldri vore så mykje regn at me ikkje kunne spele, svarar Kjell Stundal.

Han har også vore aktiv på andre frontar - blant anna som kommunesty­rerepresen­tant for Venstre i Bø og styreleiar i Norsk Bane. Stundal spela også ei nøkkelroll­e ved etablering­a av Gullbring Kulturanle­gg, staden der den offisielle feiringa blei avslutta i Bø.

 ?? FOTO: HALVOR ULVENES ?? LIVSSTIL: – Spelinga på 17. mai er blitt ein livsstil, seier Kjell Stundal som nok ein gong var i sving på nasjonalda­gen.
FOTO: HALVOR ULVENES LIVSSTIL: – Spelinga på 17. mai er blitt ein livsstil, seier Kjell Stundal som nok ein gong var i sving på nasjonalda­gen.
 ??  ?? BARNETOG: Her er veteranen på veg opp Bøgata i det lange barnetoget i Bø.
BARNETOG: Her er veteranen på veg opp Bøgata i det lange barnetoget i Bø.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway