He­id­ra Høy­um

Eids­voll-man­nen Ene­vold Høy­um blei he­id­ra på na­sjo­nal­da­gen.

Varden - - NYHETER - ▶ Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@var­den.no

Det var ned­leg­ging av krans på gra­va hans på Hol­la kirke­ruin, som ligg flott til oppe på høg­da ved Hol­la gård.

Fred og fri­dom

Det var Geir Haa­tveit som i år had­de aera av å leg­gje ned krans for å heid­re han som var ein av dei 112 men­ne­ne som laga grunn­lova på Eids­voll for 204 år si­dan.

– Fred, fri­dom og fedre­land var vik­tig for Høy­um, sa Haa­tveit i tala si.

I riks­for­sam­lin­ga på Eids­voll var Høy­um fyrs­te ut­sen­ding frå Tele­mark skein fan­te­ri re­gi­ment. Han røy sta med Sjøl v sten de par­ti­et, der Christian Mag­nus Fal­sen var lei ande tals­mann.

Ulefoss Mu­sikkorps spe­la «Gud sig­ne vårt dyre fedre­land» og «Ja vi els­ker» i den flot­te mor­gon­stun­da, der det var no­kre få fram­møt­te. Dei ser­ver­te so­li­de klapp­sal­ver da den kor­te se­re­mo­ni­en var over.

Of­fi­ser

Ene­vold Sten­bloch Høy­um (1775-1830) var of­fi­ser og gard­bru­kar. Han kom frå Sau­he­rad og var son av ein oberst. I 1794 vart han fen­rik i Tele­marks­ke in­fan­teri­re­gi­ment.

Høy­um avan­ser­te i gra­de­ne og i 1809 blei han kap­tein. Det året grunn­lova blei laga vart han skik­ka til sjef over 1. di­vi­sjon av re­gi­men­tet sin ba­tal­jon i Dram­men. Fire år sei­na­re slut­ta han i stil­lin­ga.

Geir Haa­tveit opp­lys­te i tala at Ene­vold Høy­um gif­ta seg med dot­te­ra til han som eig­de fute­gar­den Sø­ve. Der bud­de han fram til sin død i 1830.

Stor fei­ring

El­les var det skik­ke­leg mar­ke­ring av na­sjo­nal­da­gen i alle tett­sta­de­ne i No­me. På Ulefoss blei det også lagt ned krans over krigs­of­fer, sjølv­sagt tog og un­der­hald­ning i Ule­foss­hal­len om etter­mid­da­gen.

I Lun­de var det både song­guds­te­nes­te og mini­gos­pel. Om etter­mid­da­gen var bor­gar­tog, ka­ra­mell­slepp og na­sjo­nal­fest på Sol­haug, sist­nemn­de i regi av Lun­de og Flå­bygd sokne­råd.

Fest på grende­hu­set

I Hel­gen var det også eig­ne mar­ke­rin­gar, etter at sku­len og barne­ha­gen had­de del­te­ke i to­get på Ulefoss. Det var fest på grende­hu­set. Den­ne tett­sta­den had­de også na­tur­sti og lei­kar for dei mins­te.

BÅE FOTO: HALVOR ULVENES

SEREMONI: Geir Haa­tveit legg ned krans ved Hol­la kirke­ruin.

SPE­LA: Ulefoss mu­sikkorps spe­la på Hol­la kirke­ruin.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway

© PressReader. All rights reserved.