Tru­fast eld­sjel fekk kul­tur­pris

Eld­sje­la blei he­id­ra med kul­tur­pris og den unge for­fat­ta­ren fekk sti­pend.

Varden - - NYHETER - Halvor.ulvenes@var­den.no

▶ Det var stor fes­ti­vi­tas på Gran­vin da Gun­nar Gun­der­sen fekk årets kul­tur­pris på 20.000 kro­ner og ein bronse­skulp­tur laga av El­len Grøn­stad. Det er Seljord kom­mu­nen og Spare­bank­stif­tin­ga Seljord som står bak ut­de­lin­ga.

Ein grunn­stein

Det var byg­das ord­fø­rar Half­dan Hau­gan som stod for over­rek­kin­ga.

– Han har vore ein grunn­stein i Seljord Ung­doms­lag i hei­le sitt liv, og ak­tiv både in­nan folke­mu­sikk og dans, sa ord­fø­ra­ren.

– Vin­na­ren var fast i ar­beids­grup­pa ved det fyrs­te og vik­ti­ge bygge­trin­net av Gran­vin kul­tur­hus. Han var med­spe­lar i ar­ran­gør­grup­pa for spel og kapp­lei­kar og har vore med ifrå opp­star­ten av Lei­kar­rin­gen i 1965 og fram til i dag. Sjølv om han ikkje gjer noko ut av det, er han også ein ha­bil kve­dar som kan gam­le vi­ser utan­åt, opp­lys­te ord­fø­ra­ren.

Ryd­da ve­gar

Heilt si­dan 1990 har Gun­nar Gun­der­sen vore den mest iher­di­ge vegryd­da­ren i Seljord So­ge­lag. Gjen­nom man­ge år var han lei­ar i «Veg­grup­pa». Han har sett det som ei vik­tig opp­gå­ve å ta vare på dei gam­le ferd­sels­ve­ga­ne og sti­ga­ne. Over hei­le kom­mu­nen har han vore sen­tral med å ryd­de, mer­ke og skil­te des­se gam­le og vik­ti­ge kul­tur­min­na.

– Med sag og måle­spann var han støtt på far­ta. Ein kan nem­ne Sel­jords­hei, Grun­nings­da­len, Åmots­dal, Kiv­le­da­len og Sunds­barm, sa ord­fø­ra­ren ved til­de­lin­ga.

Årets kul­tur­pris­vin­nar har my­kje kunn­skap både om per­son­ar og his­to­ris­ke hen­din­gar, og er ein frami­frå forteljar.

Sti­pend til Svan­hild

24 år gam­le Svan­hild Am­dahl Tel­nes tok imot årets kul­tur­sti­pend på 20.000 kro­ner og eit kunst­di­plom skri­ve i ka­li­gra­fi, laga av Borg­hild Tel­nes.

– Ho er alle­reie på veg til å bli ein spen­nan­de ly­ri­kar, ho skriv på dia­lekt og har alle­reie hatt man­ge dikt på trykk. Ho er ein dik­tar me ga­ran­tert vil høy­re my­kje frå i åra fram­over, sa ord­fø­rar Half­dan Hau­gan i sam­band med over­rek­kin­ga på den sto­re fest­da­gen.

▶ Halvor Ulvenes

STI­PEND: For­fat­tar Svan­hild Am­dahl Tel­nes.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway

© PressReader. All rights reserved.