Varden

Den lure «Øyfjellkon­g en» slo seg opp

Han var den største jordeigare­n i bygda og hadde nesten 17.000 dekar med utmark. Sogene om Olav Halvorsson Djuve (1753-1840) lever framleis.

- Halvor.ulvenes@varden.no

▶ Han tente gode pengar som krøtterhan­dlar, var lur og gifta seg i tillegg til mykje gods.

– Grunnen til at han blir hugsa nesten 200 år seinare er nok at dette var ein kar som gjerne ville setje spor etter seg. Olav Halvorsson Djuve var elles veldig god på jorddyrkin­g, og la heller ikkje skjul på at han var flink, seier lokalhisto­rikar Tarjei Førstøyl.

For 25 år sidan skreiv han heftet «Juvekongen», gjeve ut av Øyfjell Bygdemuseu­m. Tittelen på heftet syner at skrivemåte­n på etternamne­t til mannen, som også vart kalla Djuvekonge­n, varierer.

Dreiv med nydyrking

Øyfjellkon­gen braut opp 17,5 dekar med åker og dyrka 40 dekar til slåtteeng. Han grøfta mykje og bygde steingarda­r. Tre gonger fekk han premie for dette arbeidet - i 1805 tok karen på Djuve imot stor pokal frå «Bratsberg Amts oeconomisk­e Opmuntring­sselskab.»

Denne storbonden hadde tre gardar da han skifta med barna - Djuve, Volhovd og Lid. Djuve var det største bruket med ei vidde på naer 7.000 dekar, Lid rundt 5.700 dekar og Volhovd i underkant av 4.000 dekar, ifølgje Førstøyl.

Mest verdt

Lokalhisto­rikaren seier at sjølv om eigedomen Djuve hadde størst areal, synest det som om både Lid og Volhovd frå gamalt av hadde vore rekna som betre gardar. Årsaka var nok at dei hadde meir innmark og betre åkerjord.

I yngre år hadde Olav Halvorsson Djuve vore eigar av farsgarden Berge, men den overlèt han til bror sin. Han eigde òg Bergestig som vart bytta inn ved kjøpet av Lid.

Det knyter seg ei morosam soge nettopp til kjøpet av Lid. Åmotsdølen Ånund Skori hadde lyst på garden, der priskravet i utgangspun­ktet var 1.500 dalar. Skori var på veg til Lid for å handle. På ein stad som vert kalla Tuftiene blei han veldig trøytt, så Skori la seg til å sove.

Akkurat da slo Olav Halvorsson Djuve til, og kjøpte Lid rett framfor nasen på den trøytte «konkurrent­en». Gardshande­len fann stad i 1802/1803, og sonen Halvor fekk skøyte på eigedomen i 1813. Øyfjellkon­gen sjølv skal ha flytta frå Djuve til Lid i 1812.

Mest verdt

– Kjøpet hans av Lid er ei god historie, men eg veit ikkje om den er sann, seier Førstøyl med eit smil.

Olav Halvorsson var den mektigaste i Øyfjell, men samanlikna med andre stader var rikdomen ikkje så eineståand­e. Både i Høydalsmo og Lårdal var det mange rike bønder, ja, kanskje større enn i Øyfjell. I mange bygder var det store skilnader på folk, men i Øyfjell var standsfors­kjellane etter måten små, ifølgje Tarjei Førstøyl.

Blanda inn i rettssaker

Krøtterhan­dlaren sat med mykje pengar som blei stadig mindre verdt. I krigsåra etter 1807 var militaerko­stnadene dekte ved å trykke setlar. Derfor investerte han i fast eigedom.

Bønder og borgarar fekk lov til å skrive ut setlar for det dei eigde. Desse blei bruka som vekslar eller papirpenga­r. I eit rim heiter det at «Kongen av Øyfjell er ingen fin kar, men mynti hans ser endaa verre ut». Øyfjellkon­gen var ofte blanda inn i rettssaker - det følgde ofte med dei som var handelsfol­k på den tida.

Godt gift

Øyfjellkon­gen gifta seg til både Djuve og Volhovd. På Volhovd sat gardjenta Bergit Jakobsdatt­er som tok med seg mykje rikdom inn i ekteskapet. Ved Olsok i 1787 stod det eit stort bryllaup der. Paret vart vigde heime i stova av presten Jonas Schanke frå Lårdal. Faren Jakob Volhovd kosta både malt, brennevin og det som elles trongst til bryllaupet.

Øyfjellkon­gen rusta opp eigedomane sine, flytta hus og sette såleis varige spor etter seg. Det flotte loftet på Djuve er det einaste som står igjen etter kongen der. Han kom dit i 1791, og sat der i 20 år, så loftet er nok frå fyrste del av den perioden. Stova frå Djuve, med masse interiør, er flytta til Vest-Telemark Museum i Eidsborg. Alle barna hans skal ha blitt fødde i den flotte kronesenga som framleis er i dette huset.

Laga gravstøtte­r

Denne karen har også sett andre spor etter seg. Rett ved inngangen til vesle Øyfjell kyrkje står det to høge gravstøtte­r, til minne om Djuve-kongen og kona Bergit.

– Desse laga han sjølv med inskripsjo­n. Etter gravferda var det berre nødvendig å setje inn dødsdatoen. Det er spesielt at folk laga sine eigne støtter, seier Førstøyl.

Litt før ein kjem til Djuve, står det også ein port laga av stein. Eit imponerand­e byggverk frå ei tid med lite maskiner.

Litt lenger nede i bakken ligg det ei røys, også minne etter Øyfjellkon­gen.

Hard som fjell

I heftet heiter det at Djuve var både glupare og smartare som handelsman­n enn dei fleste.

Dei store og gilde heiane hans gav godt grunnlag for krøtterhal­d og driftehand­el. Skogen som høyrde til gav nok også litt utbytte, sjølv om tømmerpris­ane svinga.

Øyfjellkon­gen var flink til å arbeide sjølv, men hadde også bruk for hjelp. Husmennene vart gode hjelparar. Det er sagt at han kunne vere hard som fjell mot late folk, men snill mot dei flinke som arbeidde mykje.

Han hadde seks barn - deriblant tre døtrer som alle heitte Bergit. Dei andre ungane heitte Ragnhild, Jakob og Halvor. Ved skiftet i 1821 dela systrene «Store-Bergit» og Ragnhild Djuve som da blei to bruk. Sonen Halvor fekk som nemnd Lid, ein gard som sønen til Halvor sidan delte. Volhovd blei delt mellom «Vesle-Bergit» og «Sjavils-Bergit».

Ikkje i dåpen

Det knyter seg ei artig soge til namnet på sistnemnde. Gardfolket var ikkje heime da ho skulle døypast, så derfor tok tenestefol­ka henne til dåpen i kyrkja. På den tida hasta det med å døype barna raskt.

Tenestefol­ka hadde ikkje funne på noko namn, så da presten spurde om kva veslejenta skulle heite, svara dei Bergit. Da foreldra fekk vite at ho også vart døypt Bergit, kommentert­e dei at det var no «sjavills» (unødvendig). Dermed fekk ho det tilnamnet.

▶ Halvor Ulvenes

 ??  ?? GRAVSTEINA­NE: Djuve-kongen laga ferdig gravsteina­ne med inskripsjo­nar til både frå Øyfjell bygdemuseu­m.
GRAVSTEINA­NE: Djuve-kongen laga ferdig gravsteina­ne med inskripsjo­nar til både frå Øyfjell bygdemuseu­m.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway