Varden

Håkan Islinger til minne

-

Håkan er her ikkje meir. Du ser han ikkje lenger på Kaffe & Thespesial­en med ein kaffi og ein cerutt. Du ser ikkje den ranke skikkelsen koma mot deg i Storgata med gåstol og dagens innkjøp. Du ser han ikkje lenger på teaterfore­stilling på AElvespeil­et eller på Friteatret. Du treff han ikkje lenger innimellom i biljardrom­met på Karjolen Pub.

For Håkan Islinger har gått ut av tidi. Guten, sonen, broren, onkelen, ektemannen, faren, venen, kollegaen og naboen Håkan finst ikkje meir. Men i mest 72 år var han her. I Sverige, i Italia og i Norge. Til Porsgrunn kom han, på besøk, og vart verande her - som so mange av oss teaterfolk.

Etter eit ufullførd studium i medisin var det skuespelar­faget og arbeidet i Institutet for Scenkonst som opptok han. I 1988 stifta han og Guandaline Sagliocco ensemble. Eit naert samarbeid med Grenland Friteater har det vore heile vegen.

Håkan hadde eit sterkt naervaer, i dagleglive­t og på scenen. Eg var regissør på to av soloforest­illingane hass, Woyzeck av Georg Büchner og Krapps siste spole av Samuel Beckett. Mange gonger diskuterte me høglytt. Eg lyg ikkje når eg seier at Håkan kunne vera både sta og egen. Det hadde me felles.

I Sagliocco ensemble var Håkan både scenograf, snekkar, produsent og reknskapsf­ørar. Eg erta han stundom med at han var slekt eit petimeter at han sikkert visste kor mange fyrstikker det var att i øskja?

Om det var stas med teaterarbe­idet so vart det verkeleg stas då Guandaline og Håkan fekk tvillingdø­trene Naima og Chloé. Eit lyst og vent minne er alle gebursdags­feiringane til døtrene, der var det opne dørar.

For fem år sidan kom slaget, bokstavele­g tala. Håkan vart ramma av eit massivt hjerneslag. Han greidde utruleg nok å gjenvinna både motorikk og taleevne. Men det var ikkje det same som før, og mismotet vaks og taerde på han.

So eg treng å minnast den lyse Håkan, han i ivrig filosofisk samtale, han med ablegøyer om laeremesta­ren Ingemar Lindh, han i lynrask virvling gjennom rommet, han i original dans ute på byen, han som sjarmerar damene i senk.

Eg minnast Håkan som barnevakte­n til kvinneteat­erprosjekt­et Et Eget Rom. Han hadde nok ein romantisk forestilli­ng om denne oppgåva. Han kom om morgonen i kvite linbukser, panamahatt, ei tjukk avis og slo seg ned i ein stol i hagen med ein kopp kaffi.

Åtte timar seinare var ikkje buksa lenger kvit, panamahatt­en var vekke, avisa brukt til alt anna enn lesing og kaffien var kald. Håkan spurde forundra om barnepass verkeleg var so krevande?

Me menneske er so mange for kvarandre. Det merkast når ein vert vekke. No er Håkan vekke. Det merkast godt.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway