Der kom trollet ut av berget
Ikkje før har Regjeringa godkjent Universitetet Sør-Aust Norge (USN), så kjem det meldingar om nedleggingar og endringar.
IKveldsnytt (like før leggetid) mandag den 28.05. kunne NRK melde at historiefaget ved USN avd. Bø skulle leggjast ned. Seinare har andre media også meldt om dette.
Kvaerdet som skjer?? Er det vedteke planer i USN om dette før, som gjer det mogleg for administrative organ å koma ut med slike nyheter – «rett ut av berget»?
Det skulle vera unødvendig å minne om at Studiestad Bø er nest største avdeling innanfor USN, med over 2.000 studentar. Søkjarmengda har år om anna vore høgast blant alle avdelingar. Historiefaget er blant dei mest stabile/populaere og har vore med frå starten.
USN er ein desentralisera organisasjon med 8 studiestader spreidd over 3 fylker. Det er forståeleg at leiinga for dette systemet slit med ressurser og samhandling. Alle avdelingar vil sjølvsagt også slåss for seg og sitt.
For oss som kjenner bakgrunnen for opprettinga av Høgskulen i Telemark (nå Universitet) i 1970åra, med studiestad i Bø, er det som å oppleva ein gufs av trollet når vi nå ser tilbake på dei drakampane som gjennom åra har vore nødvendig for å sikre utviklinga av Studiestad Bø.
Gode politikarar i Bø. Nå ser det ut som «kampen» er i gang igjen. Leiinga i USN må til ei kvar tid bli minna om grunnlaget for oppretting av Studiestad Bø. Dette var eit vedtak av Stortinget i 1974. Diverre synes det vera slik innanfor denne organisasjonen at sterke interesser – meir eller mindre synlege «utanfor berget» - har agendaer som ikkje alltid støttar ei positiv utvikling for Studiestad Bø. Framlegget om nedlegging av historiefaget er eit nytt døme.
Det er mange vegar å bruke for å stå opp mot dette. Det viktigaste vi har i arbeidet med utvikling av Bø-samfunnet er at Studiestad Bø får gode arbeidsvilkår. Det er viktig, både for studiestaden sjølv og for lokalsamfunnet rundt å oppretthalde det gode renomeet som er bygd opp.