Varden

Tok heile overskotet

Eigarane tok heile overskotet til utbytte i det interkommu­nale selskapet der sjefen tener meir enn statsminis­teren.

- ▶ halvor.ulvenes@varden.no

▶ Det interkommu­nale selskapet Midt-Telemark Energi AS (MTE) fekk kraftig resultatne­dgang - overskotet fall frå 16,2 millionar kroner etter skatt til rett i underkant av ti millionar kroner i fjor.

Driftsinnt­ektene på 143 millionar kroner var på line med året før.

– Nedgangen i resultatet skuldast i all hovudsak rammene frå NVE. Overskotet vårt vart høgare enn budsjetter­t fordi me var heldige med kraftomset­ninga, seier administre­rande direktør Jon Arne Mørch Jonassen til Varden.

Han peikar elles på at dei selskapa Bø Fjernvarme og MidtTelema­rk Breiband, der MTE er medeigar, går svaert bra.

Ville ha meir

MTE er eigd slik: Nome kommune 40 prosent, Bø kommune 36 prosent og Sauherad kommune 24 prosent. Eigarane bad før jul om eit utbytte på 12,5 millionar kroner, men styret sa nei og delte ut heile overskotet på naer ti millionar.

– Me er ikkje heilt fornøgd, men det går bra. Kommunen hadde budsjetter­t med kring ein million kroner meir i utbytte frå MTE, seier Nome-ordførar Bjørg Tveito Lundefaret.

Bø-ordførar Olav Kasland seier at det er inga problem å dele ut heile overskotet fordi MTE er botnsolid.

Meir enn statsminis­teren

Administre­rande direktør Jon Arne Mørch Jonassen tente i fjor 1.667.000 kroner pluss anna godtgjerin­g på 199.000 kroner. Erna Solberg si årslønn i 2017 var 1.631.346 kroner.

– Kva gjer deg fortent til å tene meir enn statsminis­teren, Mørch Jonassen?

– Enkelt å svare på. Lønna er fastsett ut frå ein bransjesta­ndard basert på kva selskapa driv med. Eg ligg på snittet eller litt under i bransjen. Vidare gjekk lønna mi opp etter at eg også overtok som dagleg leiar for både Midt-Telemark Kraft og Norsjøkraf­t. Det medførte meir arbeid, så det er rettferdig. Desse selskapa hadde tidlegare eigne daglege leiarar med lønn. Men eg er fornøgd med lønna mi - Den er bra, seier adm. direktør Jon Arne Mørch Jonas- sen i Midt-telemark Energi.

 ??  ?? BOTNSOLID: – Inga problem å ta heile overskotet til utbytte, seier Bø-ordførar Olav Kasland som her skålte med kollega Mette Haugholt for nytt kommunenam­n i fjor.
BOTNSOLID: – Inga problem å ta heile overskotet til utbytte, seier Bø-ordførar Olav Kasland som her skålte med kollega Mette Haugholt for nytt kommunenam­n i fjor.
 ??  ?? SOLID LØNN: Adm. direktørJo­n Arne Mørch Jonassen.
SOLID LØNN: Adm. direktørJo­n Arne Mørch Jonassen.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway