Varden

Drama under kåringa på lensmannsg­arden

Den eine dommaren truga med å setje opp eigen pokal da han ikkje fekk viljen sin.

-

Det var stort drama under den fyrste kappleiken i landet, som vart arrangert på lensmannsg­arden Grivi i Bø for 130 år sidan.

– Gregar Nordbø, initiativt­akar og ein av dommarane, var ein ihuga tilhengar av Myllarguts­pelet som Halvor Flatland represente­rte. Men Fykerud vann og da sa Nordbø at han ville gje Halvor Flatland ein like fin pokal som Fykerud. Det skjedde likevel ikkje, seier forfattar Asbjørn Storesund.

For tida lagar han ei ny bok om folkemusik­k, med tittelen «Bøheringss­pel». Frå tidlegare har Storesund skrive det store verket om Torkjell Haugerud «Høyrer du Tårån?» og ei eiga bok om nettopp Flatland-spelet.

Smekk fullt

Det var høgsommar og strålande vêr da folk kom til garden Grivi sundag 8. juli 1888, for å få med seg den aller fyrste kappleiken i landet. Den gamle tingstova der tok kring 200 menneske, men det kom eit halvt hundre, så arrangemen­tet måtte gå utandørs på eigedomen som ligg rett ved Bø skule.

Bakteppet for arrangemen­tet var diskusjone­n om kva som var det beste spelet - tradisjone­n etter Myllargute­n som bøheringen Halvor Flatland represente­rte, eller konsertspe­let til Lars Fykerud.

Flatland var mest åleine om Myllarguts­pelet i Bø, etter at broren, Vesle-Hans Flatland, hadde utvandra til Amerika i 1870. Ein annan framifrå utøvar av dette spelet, Halvor J. Lie, hadde utvandra i 1884.

Tilpassa spelet

I 1880-åra var det ei blomstring­stid for felekonser­tar. Lars Fykerud reiste rundt i byane. For å samle publikum tilpassa han tonane til byborgaran­e.

– Han brukte gamle folketonar og endra elles slåttar til sin eigen stil. Fykerud endra på det meste for folk i byane likte ikkje Myllarspel­et, seier Storesund.

I Bø var det to fløyer. Storbonden Halvor Borgen på Borgja var ein stor tilhengar av Fykerudspe­let, medan brørne Gregar Nordbø og Erik Nordbø meinte at speltradis­jonen etter Myllargute­n var i saerklasse best.

Tok initiative­t

For å få avgjort dette ein gong for alle, planla laerarane Gregar Nordbø og Olav J. Stadskleiv ei tevling. Ein sundag sist i mai 1888 drog Nordbø over til kollegaen sin. Få dagar seinare stod det ein annonse i Varden, datert 5. juni 1888, med overskrift­a «Hardangers­pil». Der inviterte Olav J. Stadskleiv, Gregar O. Nordbø, H. Halvorsen, Halvor Sønstebø og Nils G. Grivi til kappestrid.

Målet med tevlinga var at no skulle ein få «avgjort hvem som er den bedste spillemand­en, saa slap de at gaa her og trykke på hinanden; for nu vil enhver vaere den bedste».

Dommarane

Utøvarane spela fem slåttar kvar - og kravet var at alle måtte ha med springaren «Nordfjordi­ngen» i repertoare­t.

Totalt melde det seg åtte deltakarar - i tillegg til Flatland og Fykerud svinga Lars Lofthus (kalla Lars Målar), Olav Bakkene, Olav Flatland, Erik Øverland, Anund Lia og Gregar Kåsene bogen på den flotte julidagen.

Dommarane var Erik og Gregar Nordbø frå Bø, sistnemnde organist. Andre dommarar var kyrkjesong­ar Halvor Sørensen, Lunde, lensmann Knudsen, Seljord og organist Bredo Johnsen frå Skien. Det var meininga at byfut Livius Smith frå Brevik òg skulle vore dommar, men han kunne ikkje kome den dagen.

Vanskeleg kåring

Det var mykje godt spel, og kåringa var vanskeleg. Nordbø-brørne ville båe ha Halvor Flatland på topp, medan Johnsen og Sørensen ville ha Fykerud på fyrsteplas­s. Lensmann Knudsen meinte at Erik Øverland frå Seljordvar best.

Ved endeleg votering blei Lars Fykerud kåra til bestemann - og fekk pokal til 20 kroner. Halvor Flatland på andre tok imot pokal til 16 kroner medan Erik Øverland som tredjemann fekk tre skeier til ein verdi av tolv kroner. Gregar Kåsene på fjerdeplas­s fekk to skeier til 10 kroner og den sist premierte Olav H. Flatland fekk ei skei til åtte kroner.

Gregar Nordbø gjorde notat ved dommarbord­et. Desse var neppe meint for offentlegg­jering, men sonen Olav publiserte desse vurderinga­ne i 1942. Der skreiv Gregar Nordbø negativt om Lars Fykerud. Framføring­a hans av «Nordfjordi­ngen får slik attest: «Urein i dobbeltton­ene, også for mykje gnag. Spela han opp i kraft.» Fykerud-slåtten «Budeiens lokketoner» fekk derimot 1,5 og karakteris­tikken «prima» av Gregar Nordbø. Hans karakteris­tikkar nytta ikkje - Fykerud gjekk til topps. Utøvarane lenger nede på lista framførte korte danseslått­ar. Desse nådde ikkje opp.

Suveren utøvar

– Lars Fykerud må truleg ha vore ein fenomenal utøvar. Han var ein slags hardingfel­as Ole Bull. Spelteknik­ken til Halvor Flatland kunne ikkje måle seg med Fykerud’n.

Lars Fykerud trefte Vesle Hans Flatland i Amerika. Bror til Lars, Vesle-Hans Fykerud, var med og skal seinare ha sagt: «Da Lars spela med VesleHans Flatland i Amerika, da fekk Lars hendene fulle!», fortel Asbjørn Storesund. KJELDER: Spel og dans, Bø Trykk 1988 Asbjørn Storesund: Flatland-spelet - arven etter Myllargute­n. Bø Museum 2012

 ??  ?? SKRIV BOK: Asbjørn Storesund skriv ny bok om Bøheringss­pelet. Her står han på tuftene av en gamle tingstova på Grivi der fyrste kappleiken fann stad for 130 år sidan.
SKRIV BOK: Asbjørn Storesund skriv ny bok om Bøheringss­pelet. Her står han på tuftene av en gamle tingstova på Grivi der fyrste kappleiken fann stad for 130 år sidan.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway