Malin sjarmerte mange i Trysil
15 år gamle Malin Røysland Skårberg var den einaste kvedaren frå Telemark i yngste klasse på Landskappleiken
Ho vart nummer seks med 50 poeng, åtte poeng etter vinnaren Tea Forr Austnes frå Spira studentspelemannslag.
«Så som så»
I kulturhuset Hagelund i Trysil framførte ho fredag «Hjuringvise» etter Hølje Bakka og «Laling frå Hovin».
– Eg har slite med forkjøling, og synest det gjekk så som så. Eg blir alltid så nervøs, det er så eg ristar på scena, seier Malin som fekk solid applaus etter framføringa
Starta som 5-åring
Malin, som skal jobbe på familiesetra Selstali i sommar, har gått i laere frå ho var fem år. Ho deltek også i dans på Landskappleiken. Den blide tinndøla svingar elles bogen, men ikkje frå scena i Trysil.
– Hardingfela blir stadig meir artig. Folkemusikk er så moro og det er eit flott miljø. Dette vil eg halde på med vidare, seier folkemusikaren, som også er fotballtrenar.
Ellen B. Nordstoga var programleiar for tevlinga i vokal klasse C.
– Det er mange kvedarar på fylkeskappleikane, så det er nok tilfeldig at det er så få frå Telemark her. Eg ser derfor ikkje svart på det, seier den entusiastiske folkemusikaren frå Vinje.
Resultat frå kappleiken
Britt Elin Myrene frå Tinn vann fløyte senior med 70 poeng, åtte poeng før nestemann. I lagdans junior oppnådde Tinn Spelemannslag ein flott andreplass med 65 poeng, tre poeng bak «Bulder og Brak». I dans hardingfele klasse A fekk fjorårsvinnarane Ingebjørg Bratheim Bø og Ola Narverud femteplass med 84 poeng, fire poeng bak Hege S. Johnrud og Sigbjørn Rua frå Jondalen som vann.
I halling klasse B kom Even Ellegaard Westeng frå Gransherad på fjerdeplass med 72 poeng, 14 poeng bak vinnar Jon Bugge Mariussen frå Baerum. Spelemannslaget Bøheringen vart nummer 10 i lagspel senior. I hardingfele klasse B blei Birgit Haukås frå Tinn og Ånond Versto, Seljord folkemusikklag beste telemarkingar med 6. og 7. plass. Debutanten Sunniva Langås-Røiland blei beste telemarking i hardingfele klasse C med 9. - plass. Halvor Ulvenes ▶ halvor.ulvenes@varden.no