– Har lukka kultur
Psykolog Einar C. Salvesen meiner fleire barnevernskontor har ein lukka og usunn kultur.
▶ OSLO/BØ
Han er sakkunnig nemnd opp av rettsapparatet og barnevernet, fagkunnig meddommar og driv ein klinisk praksis.
Salvesen meiner mykje fungerer godt i det norske systemet, men at det også har store manglar.
Gjer aldri feil
– Altfor ofte møter me eit system med ein lukka og autoritaer kultur, og utan evne til å innrømme feil. Me ser avgjerder om omsorgsovertakingar fatta på eit svaert tynt grunnlag, konklusjonar som ikkje er i samsvar med faktagrunnlag og vurderingar, seier Salvesen til Varden.
Han var tidlegare i år vitne i ei barnevernssak frå nedre Telemark som Varden omtala.
Ei sak der barnevernet i ein kommentar til avisa ikkje ville uttale seg om einskilde saker på grunn av teieplikta, men dei forsvara på generell basis praksisen sin med omsorgsovertaking. Salvesen synest på si side at denne saka er eit døme skremmande framferd.
Svaert traumatisk
På generell basis seier han at det er lett for barnevernet å trå feil.
– Kor dramatisk og traumatisk ei omsorgsovertaking er for dei familiane som blir råka, kan ikkje overvurderast, understrekar barnevernspsykologen. – Bortsett frå bruk av tvang i psykiatrien finst det knapt andre område i samfunnet enn barnevernet der staten kan gri- pe så drastisk inn i den private sfaeren til menneska. Barnevernet si oppgåve er difor saerleg krevjande og fordrar høg kompetanse på ei rekke område, understrekar psykolog Einar Salvesen.
Tette band
Han viser òg til at i ein del saker er det barnevernet sjølv som plukkar ut sakkunnige psykologar til å greie ut omsorgssituasjonen for barna i dei biologiske familiane. – I desse tilfella blir barnevernstenesta å sjå på som godt betalte oppdragsgjevarar for dei sakkunnige. I første omgang skal dei sikre at vedtaka hjå barnevernet sjølv er fatta på rett grunnlag. Ofte er det dei same psykologane som blir brukte til å greie ut sakene. Etter kvart oppstår det tette band mellom dei sakkunnige og oppdragsgivaren, barnevernskontora. Når dei sakkunnige rapportane blir utarbeidde, ser me altfor sjeldan at dei sakkunnige stiller seg kritisk til barnevernet, eller at dei kjem med alternative forståingar eller løysingar, seier Einar C. Salvesen.
Harald Berre på Notodden er medlem av ei faggruppe for barnevern i Fagforbundet.
– Når det gjeld bruk av teieplikta, som Bård Hoksrud kommentere (se sak på toppen av siden, red. anm), vil eg seie at det bør gjerast noko med lova. Teieplikta er til for å beskytte barnet. Dersom hemmeleghald blir nytta for å skjule dårlege vurderingar, er det ikkje til beste for barnet, seier Harald Berre i ein kommentar til Varden.
Som fosterfar sjølv finn han det ikkje rett å kommentere kritikken frå psykolog Einar C. Salvesen.
– Det eg kan seie er at barnevernet reddar mange, seier Harald Berre som jobbar ihuga for at forholda i fosterheimane skal bli betre.