15.000 gjester og 20.000 øl
15.000 gjesta årets utgåve av Seljordfestivalen. – Godt fornøgd, seier dagleg leiar Egil H. Moen til Varden.
Alt tysdag hadde 700 bilar og vogner sjekka inn på dyrskuplassen. Ved opninga onsdag ettermiddag var talet 1.200 og ved avslutninga hadde 1.600 vogner teke inn på plassen. Rekorden er på 2.000 vogner.
20.000 halvliterar
Moen fortel at det vart tappa 20.000 halvliterar frå kranene inne på festivalområdet.
– Alle trur at me sel så mykje øl på slike dagar. Det ideelle vêret for oss er kring 20 grader. Med 30 grader bevegar folk seg mindre. Dei sit heller ved vognene, der dei har både mat og drikke, seier Moen.
Har endra seg
Han fortel at arrangøren har satsa på eit breiare spekter i underhaldningstilbodet - fleire konsertar og utflukter, med både båt- og fjellturar.
– Det må til for eit arrangement som går over så mange dagar. Me har fått meir tilbod av musikk som fenger, meiner Moen.
Han er mannen som drog i gang både Dansebandfestivalen - som skifta namn til Seljordfestivalen - og Countryfestivalen.
Ekstra populaere
– Det var fulle dansegolv. Under Christer Sjögren og Vikingarna var det ekstra tett, seier Moen.
Han fortel også at det blei arrangert kurs i swing - med Glenn Jørgen og Alexandra frå TV2-programmet «Skal vi danse?»
Festivalen skaper enorm aktivitet. Når det regner på presten, dryp det som kjend også på klokkaren - i dette tilfellet handelsstand og overnattingsbedrifter i Seljord.
– Desse arrangementa har stor betydning for bygda, seier Moen.
Dette er aksjonaerane
Han er ein av aksjonaerane i Gjemo som eiga 65 prosent av Seljordfestivalen. Moen har halvparten av aksjane i Gjemo - den andre halvparten er kontrollert av Hans Olav Omtveit og Morten Olav Dyrud gjennom deira eigne investeringsselskap.
Dyrskun Arrangement AS sit på 35 prosent av aksjane i Seljordfestivalen som dei siste åra har hatt ei årsomsetning på kring ti millionar kroner. ▶ Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no