Ship to Gaza«heltane» har kome heim
Varden og andre massemedia melder at Ship to Gaza-fararane har komi heim.
Dei reiste frå Bergen 30. april med fiskebåten Kårstein. Om bord var viktig medisinsk utstyr til dei naudlidande i Gaza. Der bur om lag 2 millionar menneskje, så skulle det vera noko hjelp var båten truleg fullasta. Ein skulle tru det hasta med naudhjelpa som etter det ei avis i Bergen skreiv serleg skulle hjelpe skotskadde palestinarar. Dei største kampane var i mai og det var då dei hadde mest bruk for hjelpa. Men båten var innom 24 europeiske byar og var ikkje framme før etter tre månader.
Båten vart omdøypt til Al Awda som på arabisk tyder Retur. Dette visar at mannskapet på båten ynskjer fri retur av minst 5 millionarr palestinske flyktningar inn i Israel. Dette ville gjera Israel til eit muslimsk land.
Men israelsk marine tok dei og sette dei i fengsel som så mange gonger før. Men dette hadde dei venta på, og på førehand hadde dei laga ein naudhjelpsvideo der dei inntrengande ber sine heimland og det internasjonale samfunn å legge press på Israel for å setje dei fri. Dette var sjølvsagt ein del av spelet for å demonisere Israel. Israel brukar alltid å setje fri aktivistar etter forhøyr.
Gerd von der Lippe prøva og å fortelje om tortur og redselskrik på lokalnytt Østafjells. Dette var tull. Israel har forbod mot bruk av tortur. Men hadde ho vori fengsla i Gaza eller på Vestbreidda hadde det vori langt verre. Her er tortur vanleg.
Berre ein pall? Israelarane fann 18 små kasser med medisinsk utstyr som kunne stablast på ein pall. Tenk berre ein pall og så mykje oppstyr. Det hadde vori mykje enklare å kjøpt utstyret i Israel og sendt det med israelske vogntog. 283 vogntog går dagleg frå Israel til Gaza med mat, medisinsk utstyr og andre viktige varer.
Demonisering av Israel var det viktigaste med heile aksjonen. Denne gongen syns eg dei blei skikkeleg avslørte. Blokaden av Gaza er ein lovleg sjøblokade for å hindre fri import av våpen og utslepp av terroristar til Israel. Dette sparer både palestinske og israelske liv. Gaza er ikkje isolera, men terrorstyret under Hamas er forferdeleg. Dei har ikkje stor omsut for sivilfolket. Dei brukar dei helst som levande skjold og til fleire som døyr, så er det Israel si skuld. Dei blei jaga mot grensegjerdet. Sjølve sit dei trygt i bunkersar under Shifasjukehuset.
Nyttige idiotar i vesten betalar og hjelper Hamas til å pine og plage folket. Der er svaert mykje korrupsjon og berre i Gaza er der over 1.200 miljonaerar. Abbas kjøpte privatfly for 400 millionar kroner og bygde eit kjempepalass for seg sjølv, men på grunn av murring frå sine eigne vart det gjort om til bibliotek.
Årleg blir over 10.000 palestinarar handsama på israelske sjukehus. Desse går helst føre eigne israelske pasientar. Hamas har fått tilbod om rensing av kloakk, utvinning av ferskvatn frå saltvatn, men seier alltid nei. To vogntog med medisinsk naudhjelp frå Israel var sendt attende. Folk i Gaza skal ikkje ha det bra.