Varden

Olav Vesaas får Storegutpr­isen

Olav Vesaas får i kveld Storegutpr­isen.– Veldigstas, seier vinnaren til Varden.

- Halvor Ulvenes ▶ halvor.ulvenes@varden.no

– Han får prisen for eit aktivt liv i teneste for litteratur­en, både i skrift og tale. Han er framleis aktiv og har berre nytta nynorsk, seier Stein Versto som skal stå for overrekkin­ga under festkvelde­n i Edland. Den skjer i samband med Litteratur­dagane som vart offisielt opna fredag.

30 år i NRK

Olav Vesaas - fødd i 1935 - var kulturmeda­rbeidar i NRK gjennom 30 år. Han har også vore forlagssje­f i Det Norske Samlaget, og gjeve blant anna ut biografiar om foreldra Halldis Moren Vesaas og Tarjei Vesaas. I 2001 kom boka «Ein tankens haermann» om Aasmund Olavsson Vinje. Denne boka blei trykt i nytt opplag i samband med 200-årsjubilee­t for Vinje i år.

Ikkje tema

Det er Litteratur­dagane i Vinje som deler ut Storegutpr­isen. Den delast ut til den eller dei som på ein positiv måte nyttar eit levande og ledig nynorsk. Prisen har namn etter diktsamlin­ga Storegut som Aasmund Olavsson Vinje skreiv i 1866. Prisen er delt ut årleg sidan 2002, og består av ein skulptur.

– Det er veldig stas å få prisen. Eg har brydd meg mykje om Vinje og skreiv saeroppgåv­e om han på skulen. Mor og far var opptekne av Vinje. Eg blir ikkje klok på han, sjølv om eg les stadig meir om mannen. Vinje var ei inspireran­de urokråke i litteratur­en, både da han levde og no, seier Olav Vesaas i ein prat med Varden.

Vinnaren har alltid bruka nynorsk.

– Med Halldis og Tarjei som foreldre, og oppvekst i Vinje, så var valet av språk opplagt, legg han til.

Munter opning

Det var direktør Åse Wetås i Språkrådet som hadde aera å opne årets utgåve av Litteratur­dagane i Vinje. Ho peika på den formidable innsatsen Aasmund Olavsson Vinje la ned, og som gjer at nynorsk/landsmål blir bruka på alle område i dag. Ho viste òg til mange ord som han fekk inn i språket. Wetås skulle gjerne sett at ordet blindhug (fanatisme) blei teke i bruk.

Elles baud Ragnar Hovland på ei munter reiseskild­ring, og redaktør Per Magnus Finnanger Sandmark hausta solide klappsalve­r for presentasj­on av boka Nynorsk litteratur­historie. Solid applaus fekk også Robertas Lamsodis og Gabriel Fliflet for sine musikalske innslag.

 ?? ALLE FOTO: HALVOR ULVENES ?? VELDIG STAS: – Veldig stas å få Storegutpr­isen, seier Olav Vesaas som deltok på opninga av Litteratur­dagane i Vinje fredag. I kveld får han overrekt Storegutpr­isen i Edland. Fredag morgon vart det lagt ned blomar på bautaen av Aasmund Olavsson Vinje ved Vinjar.
ALLE FOTO: HALVOR ULVENES VELDIG STAS: – Veldig stas å få Storegutpr­isen, seier Olav Vesaas som deltok på opninga av Litteratur­dagane i Vinje fredag. I kveld får han overrekt Storegutpr­isen i Edland. Fredag morgon vart det lagt ned blomar på bautaen av Aasmund Olavsson Vinje ved Vinjar.
 ??  ?? FOLKSAMT: Det var folksamt på samfunnshu­set Vinjar under opninga av Litteratur­dagane i Vinje.
FOLKSAMT: Det var folksamt på samfunnshu­set Vinjar under opninga av Litteratur­dagane i Vinje.
 ??  ?? OPNA: Direktør Åse Wetås, Språkrådet, opna Litteratur­dagane i Vinje.
OPNA: Direktør Åse Wetås, Språkrådet, opna Litteratur­dagane i Vinje.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway