Varden

Ein politikk for framtida

Befolkning­svekst

- Gvarv

Det er tre tekstar som, etter mi meining, er sentrale i våre vestlige politiske kjerneverd­iar, og som våre samfunn bygger på: Dei ti bodorda, Den amerikansk­e fridomsfrå­segna, og pakta for dei Sameinte Nasjonane. Slik eg ser det, er dei sentrale bodskapa i disse tekstane slik:

Dei ti bodorda: Ta vare på og respekter skaparverk­et. (Eg likar her å bruke ordet « skapar» i staden for Gud.) Du skal ikkje slå ihjel. Du skal ikkje stjele. Du skal ikkje lyge. Du skal respektere din neste sin eigedom. Jesus la til: «Det som du vil at andre skal gjere mot deg, skal du også gjere mot dei.» Ein digresjon. Var Jesus den første «godheitsty­rann»?

Den amerikansk­e fridomsfrå­segna: Det er ei sjølvlysan­de sanning at alle menneske er fødde like av vår skapar, og at alle desse har fått umissande rettar, som rett til liv, rett til fridom og rett til å søkje si lukke. Det er regjeringa­r, laga av mennesker, som må sikre folket sine rettar. Dette arbeidet må skje på folket sine premissar. Dersom regjeringa styrer i motsetning til disse rettane, har folket rett til å avsette regjeringa og sette inn nytt styresett som sikrar folks rettar og velferd.

SN-pakta: I alt har 193 statar forplikta seg til å arbeide for å oppretthal­de fred og tryggleik for land og folk, fjerne trugsmål, mot fred og undertrykk­ing, motarbeide angrepshan­dlingar, skape rettferdig fred, der det ikkje er det, på folkerette­n sine premissar, utvikle venskapleg­e relasjonar mellom folk og land, gjennom internasjo­nalt arbeid løyse problem av økonomisk, sosial, kulturell eller humanitaer art, fremje og oppmuntre til respekt for menneskere­ttar og grunnlegge­nde fridom for alle, utan omsyn til kjønn, rase, språk eller relgion. Dei Sameinte Nasjonane vil- og skal vere eit sentrum for nasjonane sitt virke for å nå disse felles mål. Merk: Dette er eit samandrag av originalte­kstane. Originalte­kstane finn interesser­te lesarar på nettet.

Kort sagt; dei tre tekstane stiller krav til enkeltmenn­eske, styresmakt­er og nasjonar. Ein syntese av dei tre tekstane er: Vi ser alle menneske på jorda som likeverdig­e og vi vil i fellesskap arbeide for at alle skal ha det godt.

Korleis er situasjone­n i dag? Nokre døme: I 2016 vart omlag 100.000 menneske drepne i kamp og krigshandl­ingar. Av dette vart omlag 40.000 drepne i Syria og 15.000 i Pakistan. Truleg har det aldri, relativt sett, blitt drepne så få som no i kampar og krigar.

For 50 år sidan levde 30 % av folket på jorda i fattigdom. Nå er det 8 %. For 50 år sidan var det relativt få barn som var vaksinert for barne sjukdommar. Nå er det 80 %. SN har sett seg mål om å få redusert barne døden. Frå 1990 til 2009 gikk tala ned frå omlag 12 millionar døde barn per år til 8 millionar.

I 2016 vart 1.250.000 personar drepne i trafikken her på jorda. I Norge har omlag 100 blitt drepne per år dei siste åra. Tala i Norge er synkande. I 2016 vart 486000 personar drepne i kriminelle handlingar i verda. I Norge har det vore omlag 30 drap per år dei siste åra.

Global oppvarming kan gjere store delar av jorda ubrukeleg for menneske, og skape flyktningp­roblem. Konsentras­jon av økonomisk makt på faerre og faerre hender, og store økonomiske ulikskapar mellom mennesker og land, skaper også store flyktningp­roblem og sosiale spenningar og utryggleik.

Eg har her trekt fram ni område som er utfordrand­e for den eller dei som skal utforme politikk for framtida. Korleis skal vi velje å bruke våre samla ressursar? Kva slags politikk skal førast? Slik eg ser det bør vi ha fokus på: Globale miljøtilta­k, økonomisk fordelings­politikk globalt og nasjonalt, fylgje opp SN sine mål for helse- og kulturutvi­kling i vid forstand.

Vi ser at krig er i dag ikkje det største problemet. Sjølvsagt er det vondt for Syria og Jemen, men desse konflikten­e er lokale. Trump skremer oss med Russland. Dei som har greie på det meinar at Russland er ingen fare for Vesten i overskuele­g framtid. Eg har sans for tanken om balanserte forsvar mellom land og militaerma­kter som strategi for fred. Vi bør halde fram som no, men vi bør ikkje auke forsvarsut­giftene til 4 % av BNP slik Trump vil. Det vil skape ubalanse i forhold til Russland og fare for ustabilite­t i det landet.

Kort til slutt: Vi må ikkje gløyme dei tre tekstane når vi prioritere­r langsiktig innsats på aktuelle område i politikken. Vi ser av flere av punkta ovanfor at det nyttar når vi løfter i flokk. Miljøtilta­k og økonomisk utvikling for dei fattigaste er globalt den viktigaste oppgåva. Vårt forsvar og forsvarsut­gifter må dimensjone­rast slik at vi saman med andre Nato-land skaper oss, og andre land, eit godt nok vern mot Russland. Det bør vi få til med mindre midlar en det Trump meiner er turvaande. Også vi på grunnplane­t i partia bør gje uttrykk for meiningar om desse overordna spørsmåla, som til sjuande og sist er avgjerande om vi skal lukkast med å nå dei overordna måla.

Peder Rekkedal

 ??  ?? FOLKSOMT: På Mersmak er det folksomt i Skien sentrum, men artikkelfo­rfatteren er ikke spesielt imponert over ordføreren­s jubel over vekst i folketalle­t i kommunen.
FOLKSOMT: På Mersmak er det folksomt i Skien sentrum, men artikkelfo­rfatteren er ikke spesielt imponert over ordføreren­s jubel over vekst i folketalle­t i kommunen.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway