Varden

UNWRA - ein skandale

-

Åge Eriksen «sprellar i garnet». Han vil ikkje diskutere apartheid meir. Derimot vil han heller styre diskusjone­n inn på UNRWA, og takk for det. Her er det mykje grums å ta fatt i.

Palestinar­ane er dei einaste flyktninga­ne i verden som har sin eigen FN organisasj­on. Den blei oppretta hausten 1949 for eit år, men har no arbeidd i 70 år. Talet på flyktninga­r har berre auka frå 600. 000 til over 5 mill. Flyktninge­statusen har gått i arv og er no både 2. 3. og 4. generasjon. I dag er det over 50.000 på lønningsli­sta og budsjettet er på 7 milliardar kroner. Ingen flyktninga­r i verden har fått eller får så mykje hjelp som palestinar­ane.

Jødiske flyktninga­r, 870.000, vart jaga ut frå arabiske land i tida etter 1948. Desse miste alt dei hadde,men var glade til at dei redda livet. Desse høyrer me lite om. Dei fekk ikkje nokon støtte frå FN. Israel som var utarma etter krig og terror tok i mot dei fleste og ein del reiste bla. til USA. Dette flyktninge­problemet blei løyst raskt utan hjelp få FN.

Bortsett frå Jordan var det ingen andre araberland som gjorde noko som helst for å hjelpe sine eigne offer frå ein krig dei sjølve hadde starta. Dei andre araberland­a ville heller la sin sine trusfeller plagast på det verste for å plassere skulda på Israel, slik har det vori gjennom 70 år.

Etter at FN tok over byrja palestinar­ane å gravlegge sine døde om natta. Eit resultat av dette var at i nesten 20 år var dødsprosen­ten i mange leirar nesten 0. I tillegg var det mykje flytjing mellom leirane utan at det vart notert, slik at ein palestinar var oppført i fleire leirar. Dermed fekk dei meir stønad enn dei hadde rett til. Dette fortalde Yasser Arafats biograf, Said Aburish.

Så tidleg som i 1960-åra sette Israel i gang eit prosjekt for Gaza flyktninga­r ved å la dei bygge bustader i ledige område på den tidlegare egyptiske Gazastripa. Det var 160.000 palestinar­ar som budde i leirar som no kunne få gratis lån. Mange kunne vera med å bygge hus, infrastruk­tur, skular sjukehus m.m. For dette ville dei få løn og kunne betale ned låna og bli sjølveigar­ar.

PLO-leiaren Yasser Arafat sette straks ein stoppar for dette. Han klaga til Den arabiske liga som la press på FN som fordømde Israel for dette i ein resolusjon: Send flyktninga­ne tilbake til leirane».

Tibor Mende i Le Monde skreiv at det ikkje er lov med noko tiltak som tek sikte på å integrere eller rehabilite­re palestinsk­e flyktninga­r. Dette er tragisk når ein ser korleis dei har det bl.a i Libanon utan statsborga­rskap, utan røysterett, utan arbeid og utan noko form for omsorg frå styresmakt­ene.

Tibor Mende konkludera med at desse døma syner at FN heller vil bruke store pengesumma­r på å skape eit flyktninge­problem enn å løyse det. UNRWA er også ein politisk organisasj­on som har tatt eit sterkt standpunkt mot Israel. På skulane i sjølvstyre­områda, delvis betalt av flyktninge­organisasj­onen står det på fagplanen: Elevane skal laere å vera martyrar, å demonisere og å fornekte eksistense­n til Israel og fokusere på å vende tilbake eit palestinsk land.

Generalfor­samlinga i FN styrer flyktninge­organisasj­onen. Her er det det automatisk­e antiisrael­ske fleirtalet, leia av Den arabiske liga og Organisasj­onen for islamsk samarbeid som rår. Dei vil ha det som i dag, slik at det ikkje blir nokon slutt for desse flyktninga­ne.

FNs høgkommisa­riat har ein stab på berre 10.966 tenestemen­n og kvinner og prøvar å hjelpe heile 65,6 mill flyktninga­r frå Kongo til Myanmar. I høve til UNRWA er dei effektive og får busett svaert mange slik at dei får ny start livet.

Så lenge som Vesten betalar blir det ingen løysing for palestinar­ane. Dei skal brukast i det store spelet om fri innvandrin­g til Israel. Dette vil øydelegge den einaste jødiske staten i verda og den einaste demokratis­ke staten i Midt-Austen. Trump har heldigvis sett denne galskapen. Det har ikkje den norske utanriksmi­nisteren gjort. I år betalar Noreg over 200 millionar kroner.

Takk for at du tok opp denne saka Åge Eriksen.

Halvor Øygarden

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway