Absurd språkstrid i Bø
Avisa Varden melder (19. sept.) om kvass språkstrid ved Bø barneskule. Saka gjeld foreldre som vil ha det dei kallar «rene bokmålsklasser» for barna sine.
Foreldra til ti barn i 1. klasse på Bø skule er uroa over at barna har blitt plasserte i lag med andre som er definerte som nynorskelevar. Ei slik blanding av skriftspråk, barn og klasse fyller desse foreldra med skrekk. Dei vil difor ha reine bokmålsklasser for sine, utan opplaering i lag med barn som skriv nynorsk.
kBokmålsforbundet har gripe inn og ber Fylkesmannen om å ordne opp, slik at det blir orden i skriftspråkopplaeringa i norsk i 1. klasse. For seks-åringar! I heimbygda!
Dette viser det komplett absurde i norsk språkkamp på lokalplanet. Førsteklassingane sjølve er uforståande til at slike kunstige språkskilje skal sette grenser for klassedeling i småskulen. Og kva i all verda meiner foreldra med «rent bokmål»? Er elevar som får opplaering i nynorsk for framande å rekne?
Bokmålsforbundet krev at skulen skal rette seg etter lova, og dei vil ta saka opp med departementet om ikkje dei blir hørde. Dei meiner at ei blanding av norsk språk burde «utløyse tilsyn i kommunen». Når klassene blir blanda slik på tvers av målformer kan «nynorskvenlege rektorar snike inn meir nynorsk», seier formannen i Bokmålsforbundet til avisa.
Dette er forferdeleg å lesa. Lat norsk språk få råde i klassa, bokmål og nynorsk, om kvarandre, freidig og rikt og nyskapande, ja gjerne «ureint» om det er nødvendig. Barn skal laere seg å bli glad i å skrive norsk i norsk skule.
Øyvind T. Gulliksen