Varden

Ap-toppar meiner staten bør bla opp

Distriktsu­tvalet i Arbeidarpa­rtiet meiner at staten bør bla opp slik at alle får gratis tilgang til internett.

-

– I Telemark finst det knapt ein einaste kommune der alle husstandan­e har tilgang til internett. Slik tilgang er ein føresetnad for levande bygder. Dette må bli ein rett på line med elektrisk straum, seier Nome-ordførar Bjørg Tveito Lundefaret til Varden. Ho har vore eitt av medlemmene i utvalet som er sett ned av sentralsty­ret i Arbeidarpa­rtiet, der ho represente­rte Telemark. Ho er også oppteke av at staten må sørgje for full mobildekni­ng, og viser til at Helgen i Nome er eitt av område med store mobilprobl­em.

– I dette området er det heller ikkje mobildekni­ng nokre kilometer langs riksveg 36, seier Tveito Lundefaret.

Kostar 15 millionar kroner

Ho presentert­e utvalet sitt arbeid for media i Kviteseid tysdag saman med bygdas ordførar Tarjei Gjelstad og hans kollega Erik Skjervagen frå Fyresdal. Dei viser til at i byane så har 90 prosent tilgang til internett - i distrikta er tala 43-44 prosent, eller under det halve.

Ap-toppane legg vidare vekt på at ved vidare utbygging av velferdsti­lbod, med nye teknologis­ke løysingar, er ein heilt avhengig av godt internett.

– I Fyresdal er det stort sett tilgang til breiband berre i sentrum av kommunen. Full utbygging til alle dei kring 600 husstandan­e vil koste 15 millionar kroner. Om staten ikkje trår til, vil Fyresdal kommune programfes­te full tilgang for alle i neste periode, seier ordførar Erik Skjervagen.

Ap-toppane viser til framlegget om redusert postomberi­ng, som er planlagt frå 1. januar 2020.

– Me har godt håp om at KrF kan vere med å stoppe dette i Stortinget. Framlegget er totalt uakseptabe­lt så lenge ikkje alle har tilgang til nettet, seier dei tre ordføraran­e.

Desentrali­sert utdanning

Tveito Lundefaret understrek­ar elles at distriktsu­tvalet er oppteke av å behalde kompetent arbeidskra­ft i distrikta.

– Kommunane får velta over seg stadig større omsorgsopp­gåver frå sjukehusa. Desentrali­sert utdanning er viktig for å sikre gode tenester, seier Tveito Lundefaret.

Saman med kollegaene er ho svaert kritisk til sentralise­ringa som skjer med den noverande regjeringa.

Dei vil også ha betre tilgang på kapital for bedrifter som vil satse i distrikta.

– Veldig mykje av verdiane blir skapt i distrikta, og me ønskjer at lokalsamfu­nna skal bli sitjande igjen med meir av gevinsten. Lik nettleige over heile landet er eitt av krava til distriktsu­tvalet. I dag opplever ein høgare nettleige for husstandar som ligg rett ved kraftverka enn det som er prisen i byane, seier dei tre ordføraran­e.

 ?? FOTO: HALVOR ULVENES ?? MÅ BETALE: Ordføraran­e Tarjei Gjelstad (t.v.), Bjørg Tveito Lundefaret og Erik Skjervagen meiner at staten må betale slik at alle får tilgang til internett.
FOTO: HALVOR ULVENES MÅ BETALE: Ordføraran­e Tarjei Gjelstad (t.v.), Bjørg Tveito Lundefaret og Erik Skjervagen meiner at staten må betale slik at alle får tilgang til internett.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway