Desse reiser til Telemark
Seks av ti sommarturistar i Telemark er nordmenn.
▶ SKIEN/BØ
Det syner det store turistundersøkinga som Visit-Telemark har gjennomført blant over 800 turistar no i sommar.
22 prosent av gjestene kom frå Tyskland medan kvar femte turist er dansk. Nederland og Sverige hadde 16 og 15 prosent av sommarturistane i fylket vårt.
Undersøkinga, gjennomført av firmaet Epinion i juli og august, omfattar 509 nordmenn og 332 utlendingar.
Nesten halvparten av dei spurde (47 prosent) opplyser at dei besøker Telemark minst ein gong i året.
Av nordmennene er 37 prosent barnefamiliar medan elleve prosent reiste åleine.
Dette er forbruket
Undersøkinga fortel vidare at kvar person i gjennomsnitt brukar frå 1.125 - 1.685 kroner per dag. Dei skandinaviske gjestene brukar minst medan dei frå andre land brukar 1.685 kroner.
Turistane blir i Telemark frå 3,6-4 dagar, ifølgje undersøkinga. 91 prosent av gjestene er heilt eller delvis samde i at Telemark har ein fantastisk natur.
– Undersøkinga stadfester mykje av det me har trudd, seier direktør Caroline Laurhammer i Visit Telemark i ein kommentar til Varden.
Dreg ned
– Dette at nordmennene har lågare forbruk må sjåast i samanheng med at dei del av dei spurde ferierer på eiga hytte, og dermed har lågare overnattingskostnader. Tendensen er at til meir langvegsfarande turisten er, til lenger blir vedkomande i Telemark og til høgare er det daglege forbruket, legg Laurhammer.
Ho seier at det einaste negative i undersøkinga er at utlendingane synest det er dyrt i Noreg.
Interessante svar
– Me har fått mange gode og interessante svar på reisemønsteret. Undersøkingane er gjort på tolv ulike stader i Telemark, og dermed skal heile fylket vere godt representert, avsluttar direktør Caroline Laurhammer i Visit Telemark. ▶ Halvor Ulvenes