Varden

USANNINGAR OM PELSDYR FRÅ TERJE AASLAND

- Arnt Erik Evja pelsdyrbon­de frå Nissedal

▶ Under NOAHs fakkeltog mot pels i Oslo, var stortingsr­epresentan­t Terje Aasland frå Arbeiderpa­rtiet i Telemark blant hovudtalar­ane. Oppglødd av stemninga uttrykte han sin motstand mot «ville dyr i bur». Som pelsdyrbon­de blir eg forundra og irritert over at han kan seie noko slikt.

Ved fleire høve har Aasland vitja meg på garden min. På garden har eg ku, sau, gris og mink. Aasland har til og med helsa på minken min, utan at dyra har verka redde. Til meg har Aasland sagt at han ynskjer ei konsesjons­grense for pelsdyr, slik at pelsdyrnae­ringa kan brukast til å

styrke landbruket i distrikta.

Det er eit underleg resonnemen­t om han verkeleg meiner at dyra våre er ville. Ville dyr høyrer ikkje heime anten på små eller store gardsbruk. Sanninga er at pelsdyra er svaert godt tilpassa livet på pelsdyrgar­den. I over 100 år har vi avla fram ei norsk pelsdyrsta­mme som er i verdstoppe­n i både dyrehelse og trivsel. Dyra let seg enkelt handtere, og sjukdom og skade er noko som knapt forekjem.

Eg er ein vanleg bonde frå Telemark som er van med å sjå folk i augo og å stå for det eg meiner. Ikkje gå bak ryggen på dei og snu kappa etter vinden avhengig av kven eg pratar til.

At landbruksm­inister Hoksrud slit med å hugse at kua har fire spenar er ein ting. At politikara­r som Aasland talar med to tunger, er mykje verre.

 ??  ?? PELSDYR: Arnt Erik Evja med eit av dyra sine.
PELSDYR: Arnt Erik Evja med eit av dyra sine.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway