Varden

Opprør mot bru-stenging

Hengebrua ved Tjønntveit i Øvre Bø er stengt for all ferdsel. Det skaper kraftige reaksjonar i bygda.

- ▶ Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no

Salen i ungdomshus­et Friheim blei fullsett på det spontane møtet måndag kveld. Bakgrunnen for stenginga er at brua er i dårleg stand, og kommunelei­inga tør ikkje lenger ta ansvar for ferdselen. No vil innbyggjar­ane at politikara­ne løyver nødvendige midlar til opprusting - som er kalkulert til kring tre millionar kroner pluss moms.

Kraftige reaksjonar

– Det har kome kraftige reaksjonar på stenginga, og det er ikkje rart, sa Amund Johnsrud som represente­rer grendelage­t i Øvre Bø.

– Me vil ha bilbru som tidlegare. Det er berre det som gjeld, sa Einar Brekke og fekk salen med seg. Han blei medlem i arbeidsgru­ppa. Planen no er å lage ein interpella­sjon til neste kommunesty­remøte, der det blir samla inn underskrif­ter.

– Eg trur brua er blitt meir bruka enn folk er klar over, sa Hans Ole Saetra Erikstein i ordskiftet.

Deler bygda på langs

Grete Skoe peika på at med stenging av brua deler ein bygda på langs.

– Stenginga tek mykje livskvalit­et frå oss, sa ho. Gro Birgitte Røiland synest stenginga er absurd etter at tre grendelag i sommar gjekk saman om å ruste opp badeplasse­n.

– Stenginga er takka frå kommunen, sa ho. På møtet kom det framlegg om både kronerulli­ng og dugnad, for å få realisert prosjektet. Den nedsette arbeidsgru­ppa skal sjå naermare på desse spørsmåla. Vidare er det venta at stor mobiliseri­ng frå denne delen av bygda når kommunesty­ret skal banke budsjettet for 2019 måndag 10. desember.

 ?? BÅE FOTO: HALVOR ULVENES ?? ARBEIDSGRU­PPA: Sigmund Verpe (f.v.), Einar Brekke, Ken-Børre Langås, Hans Martin Skoe og Såmund Brekke utgjer arbeidsgru­ppa.
BÅE FOTO: HALVOR ULVENES ARBEIDSGRU­PPA: Sigmund Verpe (f.v.), Einar Brekke, Ken-Børre Langås, Hans Martin Skoe og Såmund Brekke utgjer arbeidsgru­ppa.
 ??  ?? FULL SAL: Mange møtte fram til det spontane møtet om stenging av hengebrua i Øvre Bø.
FULL SAL: Mange møtte fram til det spontane møtet om stenging av hengebrua i Øvre Bø.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway