Varden

Vinje får gjev pris for nynorsk

Vinje er blitt kåra til årets nynorskkom­mune av Kulturdepa­rtementet. Prisen er på 100.000 kroner.

- Halvor.ulvenes@varden.no

▶ Vinje kommune viser språk, meiner juryen.

Dette er søt musikk i øyro til ordførar Jon Rikard Kleven og assisteran­de rådmann Anders Sandvik som tok imot prisen i Oslo måndag.

Glade vinnarar

vilje til

– Veldig moro å sjå at andre ser vårt arbeid som viktig. Dette handlar mykje om identitet. Me legg vekt på at barna får ein trygg grunnmur, slik at dei brukar nynorsk seinare også om dei flyttar ut av kommunen. Me krev nynorsk i alle samanhenga­r, seier dei to stolte prisvinnar­ane.

Dei trur også at kommunen er blitt lagt ekstra merke til i år med markeringa av 200-årsjubilee­t for Aasmund Olavsson Vinje.

Utmerker seg

I eit fylke der nynorsk er under sterkt press, utmerker Vinje kommune seg som ein tydeleg nynorskakt­ør.

– Nynorsk er eit mindretals­språk og treng eit saerleg vern. Det har Vinje kommune skjøna, seier Margrethe Kvarenes, seksjonssj­ef i Språkrådet, som har leidd juryarbeid­et på vegner av Kulturdepa­rtementet.

Godt og levande språk

«På sitt trygge kulturgrun­nlag har årets nynorskkom­mune arbeidd strategisk og kreativt for å gjere nynorsken til eit godt og levande bruksspråk. Det går klart fram av både planar og resultat at Vinje kommune har vilje til språk», heiter det i den skriftlege grunngjevi­nga frå juryen.

Føregangsk­ommune

Juryen legg vekt på at Vinje kommune er ein føregangsk­ommune i arbeidet for å gje innvandrar­ar norskoppla­ering på nynorsk, og at kommunen har kravt nynorsk i felles profilerin­g av Vinje som reisemål. Prisen er på 100 000 kroner.

Statssekre­taer Jan-Christian Kolstø i Kulturdepa­rtementet delte ut prisen på eit ope arrangemen­t på Nasjonalbi­blioteket måndag.

Las ny tekst

Tom Roger Aadland song Dylan på nynorsk, og Lise Fjeldstad las ein flunkande ny tekst av Jon Fosse. ▶ Halvor Ulvenes

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway