Varden

Frp og Mdg mot «røkla»

- Vrådal, fylkes- og kommunepol­itikar i MdG

Nesten alle andre politiske parti har ei anna tilnaermin­g til klima- og miljøutfor­dringane enn Fremskritt­spartiet og Miljøparti­et dei Grøne.

Frp er ikkje dobbeltmor­alske når dei seier at klima og miljø ikkje er så viktig. Dei seier kva dei meiner, og er aerlege på det. Det same gjeld Mdg, men med radikalt motsatt offensiv oppskrift, der partiet tek utfordring­ane på alvor nå og i naer framtid, og ikkje på eit ubestemt tidspunkt inn i ei uviss framtid. Dess lenger den materielle forbruks- og vekstspira­len får rotere fritt, dess verre blir det å stoppe han.

Alle parti meiner at klima og miljø er ei viktig sak, men talar med dobbeltmor­alske tunger, fordi dei samtidig seier at den materielle veksten og (over) forbruket kan halde fram uhemma. Me kjem ikkje vidare med løysing på klima- og miljøsaka ved å halde på med det som er årsaka til dei utfordring­ane me står ovanfor, og ved å male oppatt på at dette er ei global oppgåve. Ja visst er det det, men så lenge Noreg er medlem i verdssamfu­nnet, må også me ta del i miljødugna­den nå.

Dei fleste partia er meir og mindre feige som ikkje vil ta grep som monar, men i staden lar utviklinga skure og gå, i frykt for å bli upopulaere i eit land som flyt i overforbru­k og velstand langt utover det globale baerekraft­prinsippet og klodens samla tålegrense­r. Den dagen i framtida det vil vise seg at Mdg hadde den politikken som var solidarisk og miljømessi­g rett for å sikre nettopp framtida for komande generasjon­ar, vil bortforkla­ringane hagle frå parti som tok feil, men ikkje vil innrømme det. Da vil det diverre vera for seint å «rette opp att tinga frå i går».

Teknologi og materiell vekst og auka forbruk er ikkje oppskrifta på å forvalte vår felles klode baerekraft­ig og uthaldande. Samspel med naturen, eksistensg­runnlaget vårt, er avgjerande for å lukkast i livet vårt på denne kloden. Det motsatte vil føre oss ut i eit uføre, der kampen om ressursane og maten for å overleve fort kan ende i kaos og kollaps for mennesket sin grådige og egoistiske visitt på kloden, og der dei som har forsynt seg grovt, som vestlege land, må ta skulda.

 ?? FOTO: TORSTEIN BØE, NTB SCANPIX ?? EINASTE KLARE: Une Aina Bastholm, MdG, og Frp-leder Siv Jensen, represente­rar dei einaste partiene med klare standpunkt, meiner artikkelfo­rfattaren.
FOTO: TORSTEIN BØE, NTB SCANPIX EINASTE KLARE: Une Aina Bastholm, MdG, og Frp-leder Siv Jensen, represente­rar dei einaste partiene med klare standpunkt, meiner artikkelfo­rfattaren.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway