Varden

Ny bok om Møsstrond

Møsstrond vart tømt for folk etter Svartedaud­en. Boka «Kovesand» bringar nye soger om det spesielle lokalsamfu­nnet.

- Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no

Det er Johan Vaa frå Rauland som har vore redaktør for boka, som selskapet Dyranut as gjev ut. Bak denne bedrifta står naeringsli­vsmannen Børre NordheimLa­rsen, som overtok eigedomen Kovesand i 2001. Garden er på kring 15 dekar dyrka jord, 15 dekar beite og 12.000 dekar med utmark.

Gjorde det skarpt

Johan Vaa skriv at Møsstrond låg så godt som folketomt i fleire hundre år etter Svartedaud­en i 1349. Det er litt usikkert om ein Navar Navarsgard budde der på 1400-talet. Frå 1723 har ein meir sikre opplysning­ar på busetnad, går det fram av den rykande ferske boka.

I dei neste 100 åra - fram til midt på 1800-talet - vart det kraftig auke i folketalet, noko som medførte press på ressursane og dermed deling av gardar. Vaa skriv at bonden Torstein gjorde det svaert skarpt med utleige av beite - og la seg opp ein kapital som målt i dagens pengeverdi svarar til sju millionar kroner.

Tok det med ro

Soga fortel elles at for snart 80 år sidan overtok Nils Kovesand garden, etter mora Aagot. Han budde der med broren Olav fram til båe døydde i løpet av 1970-åra. Dei vert skildra som trivelege og snille karar som tok livet meir med ro. Det råka at høyet stod ute på hesjene til snøen kom, ifølgje boka.

Møsstrond har eit rikt dyreliv. Vinteren 1913-1914 vart det fanga naermare 20.000 ryper der. For over 100 år sidan kunne fangsten av aure kome opp i 1012 tonn, heiter det i boka. I ein eigen artikkel fortel Inger Lien - som budde på Kovesand frå 1990-1999 - om livet der med små barn og kyr. Det baud på utfordring­ar

Fred og ro

Børre Nordheim-Larsen skriv i ein eigen artikkel at han alltid har vore fascinert av natur og fjell. Han starta som jeger på Møsstrond i 1991, og slo til da garden kom på handel ti år seinare. Nordheim-Larsen skriv at

ved vandringar i naturen får han god tid til å tenkje, observere og gle seg over det som skjer i livet. Det finst ikkje portrettfo­to av han i norsk presse, og heller ikkje i boka står han fram med andletet sitt. Derimot viser boka, som er til sals i Åmot og Rauland, at Børre Nordheim-Larsen er ein habil fotograf.

 ?? FOTOFRÅBOK­A ?? FORTEL: Inger Lien budde på Kovesand ifleire år, og fortel om livet der.
FOTOFRÅBOK­A FORTEL: Inger Lien budde på Kovesand ifleire år, og fortel om livet der.
 ??  ?? REDAKTØR: Johan Vaa frå Rauland har vore redaktør for den nye boka.
REDAKTØR: Johan Vaa frå Rauland har vore redaktør for den nye boka.
 ?? FOTO: BØRRE NORDHEIM-LARSEN ??
FOTO: BØRRE NORDHEIM-LARSEN
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway