Varden

Blankt nei til reservasjo­n

- ▶ Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no

Eit samla kommunesty­re i Bø sa blankt nei til å tilsetje ein lege som reserverer seg mot å setje inn spiral.

– Eg er glad for samrøystes vedtak, seier ordførar Borgar Kaasa (Sp) etter at alle dei 25 kommunesty­rerepresen­tantane sa nei til lege med reservasjo­nsrett.

Litt umusikalsk

Mange hadde ordet i debatten, der Karin Hagen (Ap) og Olav Kasland (V) var mest aktive mot å tilsetje ein lege med reservasjo­nsrett.

– Politikara­ne synest ein slik reservasjo­nsrett er litt umusikalsk i 2018. Meldinga er klar om at ein slik praksis er uaktuell i Bø, legg ordføraren til. Avgjerda var stikk i strid med innstillin­ga frå rådmann Åse Egeland, som sa ja til ei slik tilsetjing.

Egeland, som også er rådmann i Sauherad, seier at saka i utgangspun­ktet var ei prinsippsa­k, men at i realiteten handla den om legen Katarzyna Jachimowic­z. Ho fekk sparken av Sauherad kommune fordi ho ikkje vil setje inn spiral på kvinner. Høgsterett sa i haust at oppseiinga er ugyldig.

– Sauherad har ingen fastlegehe­imel, men det har Bø. Vedtaket er greitt og det var viktig å teste saka, seier rådmann Åse Egeland, som tek avgjerda til etterretni­ng.

Har betalt 3,4 millionar

Ho opplyser at Sauherad så langt har betalt ut 3,4 millionar kroner – 2,5 mill. kroner i sakskostna­der til legen og 800.000–900.000 kroner i eigne kostnader.

–Høgsterett seier også at legen skal ha ei erstatning. Eg reknar med at staten vil refunderer desse utgiftene, seier rådmann Åse Egeland. Ho ville ha saka drøfta på bakgrunn av at Bø og Sauherad blir til Midt-Telemark kommune 1. januar2020.

Ikkje urimeleg

Høgsterett sa i dommen tidlegare i haust at det er høve til reservasjo­n, så sant det ikkje vert urimeleg, vanskeleg eller umogeleg for ei kvinne å få sett inn spiral.

I saksutgrei­inga skreiv Egeland at om kommunesty­ret godkjenner ein slik reservasjo­n, måtte ein løyse oppgåva gjennom ei avtale med dei andre legane på kontoret. Rådmannen skriv òg at nei til reservasjo­n, kan få betyding for erstatning­sansvaret til Sauherad kommune og påverke økonomien i ny kommune.

 ?? FOTO: TORBJØRN TUNGESVIK ?? SPARKEN: Katarzyna Jachimowic­z fekk sparken av Sauherad kommune.
FOTO: TORBJØRN TUNGESVIK SPARKEN: Katarzyna Jachimowic­z fekk sparken av Sauherad kommune.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway