Varden

– Sparar seg til fant

Bebuarar frå Øvre Bø synest det er for dårleg at hengebrua i fyrste omgang berre blir g/s-veg.

- ▶ Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no

Som tidlegare fortalt i Varden, vart brua stengt tidlegare i haust, etter at eksterne konsulenta­r hadde sjekka tilstanden. Dei meinte den måtte stengast for alle av omsyn til tryggleike­n. Fram til seinhauste­n var hengebrua over Bøelva også open for bilistar.

Ikkje fornøgde

– Me er ikkje fornøgde. Det er for kleint med berre gangbru. Me meiner at kommunen kan spare seg til fant med å starte med g/s-veg over elva, seier Anne Grov og resten av bebuarane som møtte fram da kommunesty­ret handsama saka måndag kveld.

Politikara­ne løyver 500.000 kroner, slik at folk kan gå og sykle over brua. Teknisk sjef Vidar Lofthus opplyste til kommunesty­ret at den skal bli klar til dette før sommarseso­ngen. I eit verbalt framlegg ber eit samrøystes kommunesty­re om at rådmannen jobbar vidare for oppgraderi­ng av hengebrua til bilstandar­d. Dette skal skje i dialog med innbyggjar­ane i området. Kommunesty­ret ber òg om vedlikehal­dsbehovet for andre bruer i bygda.

Må bytte konstruksj­on

Bebuarane i Øvre Bø viser til at konstruksj­onen på hengebrua må skiftast. Derfor meiner dei det vil bli billegare for kommunen å ta alt på ein gong.

– Me synest politikara­ne er litt tafatte. Eigentleg trur me ikkje at brua blir opna for biltrafikk igjen. Tidlegare var den også open for traktorar, seier Anne Grov og dei andre innbyggjar­ane som reiste skuffa heim frå kommunesty­resalen.

Beklaga dårleg vedlikehal­d

I ordskiftet i kommunesty­ret beklaga Rønnaug Woxen Thoen (Sp) at kommunen har hatt dårleg vedlikehal­d på hengebrua. Ho vil jobbe for at den framleis skal vere bilbru. Øyvind Erikstein (KrF) gler seg over det store engasjemen­tet lokalt.

– Det står ikkje på den politiske viljen. Her gjeld det også å ta vare på utkantane, og ikkje berre sentrum. Brua er ei viktig ferdselsår­e mellom sørsida og nordsida av Bøelva, sa han. Geir Sønstebø (V) understrek­a at dei økonomiske realitetan­e ikkje har gjort det mogleg med betre vedlikehal­d.

– Bø var på Robek-lista inntil for eit par år sidan, sa Geir Sønstebø.

 ?? BÅE FOTO: HALVOR ULVENES ?? MISFORNØGD­E: Mange bebuarar frå Øvre Bø møtte fram på kommunesty­remøtet. Dei er ikkje fornøgde med vedtaket måndag kveld.
BÅE FOTO: HALVOR ULVENES MISFORNØGD­E: Mange bebuarar frå Øvre Bø møtte fram på kommunesty­remøtet. Dei er ikkje fornøgde med vedtaket måndag kveld.
 ??  ?? STENGT: Brua er no stengt for all trafikk.
STENGT: Brua er no stengt for all trafikk.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway